Frida Lyssand og Nora Berge demonstrerer hoftetrenings-apparatet.
Frida Lyssand og Nora Berge demonstrerer hoftetrenings-apparatet.

Spenstig utegym på Nore Neset

Dei vert nytta i skuletida såvel som om ettermiddagen. Dei nye treningsapparata ved Nore Neset ungdomsskule er blitt ein suksess.

For eit par veker sidan fekk elevane ved Nore Neset ungdomsskule eit nytt supplement til uteaktivitets-tilbodet ved skulen. Dei elleve nye treningsapparata er resultat av samarbeid mellom skulen, FAU og Os kommune.

- Dette må eg seia me har treft bra med. Du skal sjå i friminutta. Då er det full sirkeltrening her, og om ettermiddagen er både born og vaksne bortom og prøver ut, seier Erik Karlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handlekraftig FAU-ar

Fredag ettermiddag hadde han med seg klasse 10B for å demonstrera bruken av apparata.

- Dette er ganske enkelt. Ved hjelp av eiga kroppsvekt trenar ein ulike delar av kroppen. Dersom ein går ein heil runde på desse 11 apparata skal ein ha vore innom dei fleste muskelgruppene, meiner Karlsen, som jobbar som fagarbeidar ved skulen.

Han er medlem av prosjektgruppa «Uteområde ved Nore Neset Ungdomsskule». Gruppa fekk treningsapparata på plass for kring to veker sidan.

Fotballgutane Eirik Spanglo Haga og Vegard Skeie køyrer nakke-, lår- og rumpe-trening.
Fotballgutane Eirik Spanglo Haga og Vegard Skeie køyrer nakke-, lår- og rumpe-trening.
Odin Hjelm Sørstrønen på ein klassisk crossfit-trainer.
Odin Hjelm Sørstrønen på ein klassisk crossfit-trainer.
På dette apparatet trenar Ask Furnes Sandvik både biceps, skuldrer og rygg.
På dette apparatet trenar Ask Furnes Sandvik både biceps, skuldrer og rygg.
Amund Laastad viser at han har hatt nokre rundar i styrkerommet. Her er det såkalla dips (tricepstrening) det går i.
Amund Laastad viser at han har hatt nokre rundar i styrkerommet. Her er det såkalla dips (tricepstrening) det går i.

- Det gjekk raskt og greitt. Mykje takk vere far og son Jan Erik og Anders Døsen. Dei gjorde alt grunnarbeidet og monteringa, fortel Karlsen.

Jan Erik Døsen er også FAU-leiar ved skulen.

- Kan ein spørra kva eit slikt utstyr kostar?

- Ein kan spørra, hehe. Jaudå. Ein del over hundre tusen må ein nok rekna med svarer, Karlsen.

Fleire ting på gang

Prosjektgruppa ved skulen har fleire planar for uteaktivitetsområdet kring den relativt nye skulen. Karlsen røper nokre av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bak her er det planar om å byggja ein sandvolleyballbane. Dessutan skal det koma basket-korger, utandørs sjakk og eit digert disse-stativ. Alt som følgje av elevanes eigne ønske, fortel Karlsen.

Han legg til at det sjølvsagt kan ta litt tid før alt er på plass.

- Det handlar jo litt om økonomi og dugnadsinnsats. Men det går framover. No har me altså ein allaktivitetsbinge og desse apparata her. Det er ein start, seier han.