Nærsenter - korleis få til ei planmessig utvikling av heile Os kommune?
Det er ikkje slik enkelte ansvarlege politikkarar i kommunen hevdar - at næringslivet veit best sjølv og markedet aleine vil styra utviklinga i rett retning, skriv Sveinung Stensletten (V).
LESARBREV: Kommuneplanens samfunnsdel 2015-2027 som vart godkjent av kommunestyret 29.9.2015 gjev overordna føringar for korleis utviklinga i kommunen skal skje i denne perioden. Mellom anna er den rettesnora for arealplanen som skal rullereast i 2017.
Kommuneplanen skal "setja mål for Os si fysiske, sosiale og kulturelle utvikling. Som eit bakteppe for, og førande for desse måla, er folkevekst, etikk og samfunnsansvar, berekraftig utvikling og folkehelse lagt til grunn".
Artikkelen held fram under annonsen.
Planen beskriv utfordringar og målsetjingar innan alle område som er viktige for at Os skal bli ein god stad å bu for nye og gamle osingar. Utvikling av tettstaden Osøyro (Liv på Øyro) har fått eit eige avsnitt i planen med konkrete mål for kva ein vil oppnå. Dette er bra, men i planen er det også peikt på kva som er og skal vera "nærsenter" i kommunen, utan at det er sagt noko meir om korleis ein ser for seg at desse nærsentra skal utviklast.
I planen er eit nærsenter beskrive som: "Mindre senter med detaljhandel som daglegvarer, post, private og offentlege helse og velværetenester etc. dimensjonert for nærmiljøet".
Søre Øyane, Søre Neset, Nore Neset, Lysekloster og Søfteland er ifølgje planen dei noverande nærsentera. Med den store folkeveksten det vert lagt opp til, seier det seg sjølv at alle desse bygdene vil oppleva store endringar dei komande åra.
Os Venstre meiner at det er viktig å vera i forkant av utviklinga. Det må setjast opp mål og lagast konkrete planar for korleis nærsentera skal kunna utvikla seg. Ein må unngå det som skjedde på Osøyro.
Kommunen må tidleg ta ei aktiv rolle i å leggja føringar og leggja til rette. Utviklinga må skje i eit samarbeid mellom kommune, frivillige organisasjonar, næringsliv og lokalbefolkninga. Det er ikkje slik enkelte ansvarlege politikarar i kommunen hevdar - at næringslivet veit best sjølv og markedet aleine vil styra utviklinga i rett retning.
Os Venstre vil i samband med budsjetthandsaminga fremja forslag om utarbeiding av ein plan for utvikling av nærsentera i kommunen og setja av midlar til dette arbeidet.
Sveinung Stensletten
Leiar
Artikkelen held fram under annonsen.
Os Venstre