Hyttefest og gåvedryss frå Sjefen over alle sjefar
Det vart litt av ein jubeldag for Mie Louise Askeland Døsen då ho fekk overrekt premien for Barnas trepris tysdag.
Dalsvegen:
Eit solid far/dotter-samarbeid resulterte tysdag i stor premiefest i Dalsvegen 76.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blant over 50 innsende forslag vart Mie Louise Askeland Døsen og pappa Torjus Egge Døsens fargerike og høgreiste leikehytte kåra til vinnar av «Barnas trepris» frå trelastverksemda Bergene Holm AS. Tysdag kunne den stolte 10-åringen invitera veninner og klassevener på storstilt feiring av sigeren.
Vann for andre gong
Det er andre gong at den snikreglade familien i Dalsvegen vert premiert for sitt gode arbeid. Med eit umiskjenneleg løk-kuppel-bygg vann dei Bergene Holm AS sin pris i open klasse i 2016. Også den gongen var premien på 10.000 kroner.
– Då pappa vann den premien, sa han at me skulle nytta pengane til å byggja ei skikkeleg stor og kul leikehytte. Det gjorde me, og no har me jammen vunne premie for den også, smiler Mie Louise.
Hot-dog-fest
Før delegasjonen frå Bergene Holm AS nådde Os tysdag, fekk Mie og venegjengen god tid til å feira og leika ved hytta. Asgeir Borgmoen og følgjet køyrde nemleg feil.
– Me kom ned på ein smal gangveg her nede og enda opp ved eit sjukhus, fortel den gamle barne-TV-helten.
– Ja, så byrja me å spørja etter familien Døsen og fekk tre-fire ulike svar. Det er tydeleg at det bur fleire Døsen her ute, humrar Hege Voll i Bergene Holm.
Då delegasjonen endeleg stod på tunet, hadde Mie og venene både køyrd zipline-bane og spelt fotball, så då var det plass til meir i magen.
– Kven liker boller og donuts? undra Asgeir Borgmoen då han kom.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me, jubla borna.
– Men først må de visa meg denne flotte hytta til Mie, sa Asgeir og slo følgje med gjengen bort.
Herleg bygg
Den tidlegare barne-TV-helten har vore med i byggjekonkuranse-juryen til Bergene Holm AS i nesten ti år. Han kan skriva under på at det er tøft å hevda seg.
– Det å vinna denne klassen her, «Barnas trepris», er vanskeleg. Me fekk inn enormt mange gode bidrag, men så var det jo noko heilt eige med denne, seier Asgeir.
– Først og fremst fall me for designen og den fargeglade veggen. I tillegg skåra han høgt på funksjonalitet, sa Asgeir, før han fekk omsyning i hyttas to etasjar.
– Du Asgeir, eg trur ikkje du skal prøva ziplinen. Den er kanskje ikkje sterk nok for vaksne, ymta Torjus frampå.
– Du, eg trur du har heilt rett. Me let Mie ta demonstrasjonen, svarte Borgmoen.
Godt tømrar-emne
Pappa Torjus kunne sjølv fortelja at det var kona som skulle ha æra for at dei no vart premierte igjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det starta med at ho sende inn bilete av ein båt me bygde for to-tre år sidan. Etter det har ho meldt oss på med dei to siste prosjekta. Det har jo vore svært så innbringjande, humrar han.
– Ja, denne seremonien er jo aldri så lite historisk. Det er første gong at nokon vinn premie av oss for andre gong. Kanskje blir de dei første som vinn også ein gong nummer tre, smilte juryleier Bergene Holm.
Med eit såpass sterkt byggjeteam skal dei ikkje sjå bort frå det.
– Jaudå, me er eit godt team. Mie er eit svært godt tømrar-emne. Kanskje går ho inn i firmaet mitt om nokre år, smiler Torjus, som sjølvsagt driv sitt eige selskap som byggmeister til dagen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no