Ingrid Søfteland Neset danka ut 185 andre søkjarar i kampen om stillinga som solofløytist i Stavanger Symforniorkester.
Ingrid Søfteland Neset danka ut 185 andre søkjarar i kampen om stillinga som solofløytist i Stavanger Symforniorkester.

Spelte seg inn i Stavanger Symfoniorkester

Ingrid Søfteland Neset er utvald som solist i Stavanger Symfoniorkester. 23-åringen danka ut 185 andre søkjarar.

- Ingrid var rett og slett den desidert beste søkjaren me hadde. Ho var betre enn alle dei andre søkjarane, seier personalsjef i orkesteret, Arve Rosell til NRK.no.

Han er strålande nøgd med å få ein norsk fløytist til Stavanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har tidvis hatt problemer med å få norske muskikarar til å søkja jobb i orkestaret vårt, seier Rosell.

Snart utdanna

Ingrid Søfteland Neset har for lengst utmerka seg heime i Os. Frå ho var ei ung jente har ho imponert på mang ein konsert og framsyning i fødebygda.

For tida er fløytisten i ferd med å ta ferdig masterutdanninga si ved Det Kongelege Musikkonservatorium i København.

Ingrid er veslesøster til Osbygdas aller største jazz-musikar, Marius Neset.