Detaljert ilandføring av brua synt fram

Noko av det mest interessante som vart presentert under E39-konferansen i Trondheim var bilete av den undersjøiske brua og kor ho kan få ilandføring på Os-sida.

E39-konferansen i Trondheim er til endes. Prosjektleiar for fjordkryssingar langs E39, Mathias Eidem, fortalde «Os og Fusaposten» litt om korleis arbeidet går, og kva som vart presentert på konferansen.

- Me presenterte konsepta for Bjørnefjorden generelt, og snakka om teknologien som kan brukast i dei ulike løysingane, seier Eidem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye illustrasjonar

Dei tre løysingane som vert jobba med er ei undersjøisk torørs-flytebru med pontongar på overflaten (sjå bileta), eller forankra i botnen. Alternativet er ei oversjøisk bru a la Nordhordlandsbrua.

- Ein del av teknologien har me vist fram tidlegare, men nokre av illustrasjonane har ikkje vore mykje framme før, seier Eidem.

- Mange av føredragshaldarane har hatt som utgangspunkt å svara på kva tid dei aktuelle teknologiane kan vera klare for bruk?

- Ja. Me nemnte ingen årstal, men det som vart sagt var at teknologien ikkje skal vera til hinder når ein skal starta bygginga, seier Eidem.

- Tyder det at teknologien ikkje er klar per i dag?

- Han vil vera klar når ein har valt eit endeleg konsept, svarer Eidem.

Treng eit par gode stormar

På spørsmål om korleis arbeidet med å samla vind- og bølgjedata frå Bjørnefjorden går elles, svarer Eidem at arbeidet går etter planen, men at det er utfordrande å få gode nok grunnlagsdata frå bølgjestraum, vindmålingar og botntilhøve.

- Du treng ein del stormar og slikt for å få kunnskap om kor mykje brua må kunna tola.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Så de gler dykk faktisk til hauststormane?

- Ja, når det gjeld bølgjer og vind ser me fram til vinterstormane. Men når det gjeld botntilhøva, er det greitt med litt opphald, svarer Eidem.