Gullvinnaren heime på Os att
Me møtte treffsikre Sofie (13) og den skyteglade familien Evensen då dei kom heim att til Stølsvegen. Der venta kake, sol og sommar - og 600 gratulasjonar på facebook.
«Os og Fusaposten» vågde seg utan skotsikker vest heim til familien Evensen laurdag, kort tid etter at den lange bilturen frå Lesja var overstått. På Landsskyttarstemnet har heile familien Evensen gjort det bra i kvar sin klasse (med unntak for mor som for tida balar med ei vond skulder), men denne gongen var det ei av jentene som overgjekk dei alle. Sofie på 13 år, nummer to i søskenflokken, vann gull som første osing sidan 1970.
- Det var utruleg spennande. Eg låg på ein delt 11. plass før finalen, og hadde aldri trudd at eg skulle vinna, fortel ho, trygt plassert heime i sofaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Øving gjer meister
Ho hadde skote 249 av 250 poeng før finalen, men det var nokre som hadde 250 poeng med seg inn i finalerunden. Men så skaut ho 100 poeng (full utteljing) i finalerunden.
- Korleis greidde du å treffa så godt?
- Det var littegrann vind, så eg skjønte at eg måtte skru siktet litt. Og det virka tydelegvis, seier Sofie.
- Det er slikt me øver på kvar gong me er på skytebanen på Ulven, supplerer pappa Jan Kristian Evensen.
- Då begynte me å tenkja at det kanskje var ein liten sjanse for pallplass, seier mor Alice. Dersom berre nokre av dei fem deltakarane som hadde 250, bomma på eitt av skota sine, kunne Sofie bli ein av dei tre beste. Men at alle skulle gjera det?
- Sjansen var ikkje så veldig stor, seier Jan Kristian.
Likevel var det akkurat det som skjedde. Dermed var det Sofie som hadde flest innertiarar (sju) og stod att som vinnar.
Sofie på alles lepper
- Det var ein skikkeleg thriller. Du står der og ventar, og så går det opp for deg kva som er i ferd med å skje. Eg trur det gjekk nokre sekund før det demra for oss at Sofie hadde teke gull. Då endte det heile i eit inferno av gledestårer, fortel Jan Kristian.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sofie var med eitt på alles lepper. Ho skulle gratulerast og intervjuast av alle, inkludert av NRK TV som sende direkte.
- Eg greidde ikkje å få fram stort. Det var mest "ja", "nei" og "veldig". Eg vart raud som ei tomat. Men det var samtidig veldig kjekt. Mormor ringte og gratulerte meg, og to kusiner frå Oslo. Dei hadde følgt nøye med på TV, seier Sofie.
Storesøster Amalie (15) seier at ho gjerne også skulle ha stått øvst på pallen, men måtte sjå seg slått av ei jente frå Sotra, trass i framragande skyting. Ho hamna på ein solid femteplass og kunne for første gong ta med seg den gjeve ungdomsmedaljen.
50 osingar i 14 campingvogner
- Det er veldig kjekt å vera på Landsskyttarstemnet. Me var 33 skytarar frå Os Skyttarlag, og fleire hadde med seg familie. Til saman var me vel 50 osingar fordelt på 14 campingvogner. Det var veldig sosialt og kjekt, seier Jan Kristian.
Dei hadde også god kontakt med skytarar frå Fusa, og andre klubbar i Hordaland.
- Ungane kjenner kvarandre att frå tidlegare stemne, fortel han.
- Det er fint at heile familien har skyting som ei felles interesse. I tillegg er det ein fin måte å få kontakt med andre på, seier mor Alice.
Nyt sommaren... og så smell det att
Vel heime att har familien tenkt å nyta det som er att av sommaren. Og heimbygda viste seg frå si beste side då familien svinga inn att i heimetunet. Stålande sol og 18 varmegrader.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tante Bjørg kom med marsipankake med sommarfuglar på. Det var veldig deilig å vera heime att! seier Sofie.
- Og så er det 600 likes og gratulasjonar på facebook å svara på. Den jobben gjenstår! seier far.
- De skal vel slappa av litt også?
- Ja, litt, men neste helg er det eit lokalt stemne på Ulven. Då er eg klar igjen! seier 13-åringen.