Siste jobbdag i Os
Fredag hadde Steinar Hellesund sine siste leveransar i Os. - Eg kjem til å sakna osingane, seier lastebilsjåføren frå Sotra.
Den joviale og humørfylte Bring-sjåføren har køyrt med post-leveransar i Os i over 26 år. Fredag hadde han sin siste dag på jobben.
- Avgjerda er teke og lastebilen er seld, men når eg no sit her på siste dag, så merkar eg at det er ganske så vemodig. Eg er blitt glad i osingane og alle eg er blitt kjent med desse åra, smiler Hellesund.
Artikkelen held fram under annonsen.
62-åringen omtalar leveransemottakarane i Os nærast som vener.
- Mange av dei kjenner eg betre enn fleire av familiemedlemene mine. Det er jo folk eg har prata dagleg med i 26 år, humrar sjåføren.
Heimplass nummer to
Hellesund er busett og oppvaksen på Hellesøy på Sotra, men har også budd i Os.
- Eg budde i Varåsen på 1970-talet. Då spelte eg også fotball for Søfteland. Det var fine tider. Kona omtalar også Os som sin andre heimplass, fortel Hellesund.
- Kjem du til å ta turen oppom også no etter at du går over i pensjonistanes rekkjer?
- Ja, det må eg. Men eg ventar kanskje til rundt juletider. Dei må jo få tid til å sakna meg litt, ler 62-åringen.
Helsar til alle
På sine siste turar denne veka fekk sjåføren til og med nokre gåver med på vegen.
- Denne her fekk eg frå Elna og dei på Metro. Det blir spennande å sjå kva dei har funne på til meg, seier Hellesund og ristar litt på gåvepakken.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fare for ikkje å gløyma nokon helsar Hellesund til alle han har hatt nok med å gjera i Os i desse åra.
- Men eg må jo få nemna Marianne og Irene på Rørleggeriet, Espen Aspenes og dei på Alutec, Svein Henriksen og dei i det som tidlegare heitte Rolls-Royce, no er det vel Os Maskinering. Gutane på Drange Bruk, "Roberten" og "Geiren" på Askeladden og no sist i Beerenberg, Geir Flåten, folka på Plantasjen, dei tidlegare tilsette ved Lyssand treindustri og sjølvsagt alle som driv næring i Os sentrum. Det har vore ei stor glede å samarbeida med dei alle saman, konstaterer Hellesund.