Få oversikt over sommarens fotballskular
Søre Neset, Nore Neset, Ådlandsfjorden og Lysekloster køyrer det same opplegget dei har hatt dei siste åra. Os går nye vegar med Hassan El Fakiris fotballskule.
- Me ønskjer å utnytta all den høge fotballkompetansen som er i klubben, og styra fotballskulen sjølv, seier Endre Brenne, som er ein av dei hovudansvarlege for fotballskulen.
Rekordstor påmelding
Os arrangerte liknande opplegg i vinter- og påskeferien med stor suksess. I påsken var det 70 born i sving. No vert det truleg over dobbelt så mange.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så langt har 138 meldt seg på, noko som er ny rekord. Det er over dobbelt så mange som i fjor. Me kjem til å nytta to banar, og har rekna ut at me har plass til 160 totalt. Det er med andre ord nokre plassar ledig. Påmeldinga stengjer onsdag neste veke, seier Brenne.
Besøk frå Brann og Åsane
A-lags-spelarar stiller som instruktørar, og får med seg nokre damer frå damelaget, samt gutar frå junior elite. Det kjem også spelarar frå OBOS-ligaen.
- Vegard Leikvoll frå Åsane kjem. Det skal også koma ein Brann-spelar, men me veit ikkje kven det blir enno, seier Brenne.
Hassan El Fakiris Fotballskule er for born frå 1.- 7.klasse. Han går over tre dager, frå mandag 29. juni til onsdag 1. juli, med opplegg frå 09.00-14.30.
Variert opplegg
Det er mange idrettslag som vel Tine Fotballskole, men Nore Neset arrangerer Umbro Fotballskole, for femte året på rad.
- Me står litt friare i forhold til innhald. Me har satsa på litt eldre deltakarar, slik at det vert litt meir fagleg, og ikkje berre leik. Me tilbyr ikkje berre fotballrelaterte aktivitetar, men også klatring, springing og zumba, seier dagleg leiar Jarle Heltne.
Påmeldingsfristen gjekk ut 12. juni, men det er framleis råd å melda seg på.
- Me har plass til 100 deltakarar, og til no er det 97 som har meldt seg på. Me har altså plass til tre til, seier Heltne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Umbro Fotballskole startar tysdag 23. juni og held fram til og med fredagen, og er open for born fødd i 2002-2007.
Sprengt kapasitet
Søre Neset held seg også til sin tradisjon, som er Tine Fotballskule. 80 jenter og gutar i 6-12-års-alderen er påmeldt, og med litt mindre kapasitet enn naboane på Nore Neset, betyr det fullbooka.
- Me har stengt påmeldinga. Det er ikkje plass til fleire, seier leiar i Søre Neset Idrettslag, Arthur Botnevik. Fotballskulen varer frå måndag 29. juni til og med onsdag 1. juli. Opplegget vert stort sett likt som dei siste åra, noko som betyr at borna mest sannsynleg får helsa på nokre Brann-spelarar.
- Dei har tett kampprogram i neste veke, men me har fått beskjed om at eit par spelarar vil dukka opp. Me kan ikkje lova at dei kjem, då me ikkje plar få det endeleg stadfesta før kort tid før dei skal koma, seier han.
Ådlandsfjorden Idrettslag arrangerer fotballskule i Nore Fusa for tredje året på rad.
Lyseklosters fotballskule «The Spanish Way» går av stabelen i august, men alt no er den nesten fullbooka.