Fekk Else i stova på 40-årsdagen
Tove Gylløw på Lekven er blodfan av Else Kåss Furuseth. Og ho er ikkje vorten mindre fan etter at idolet kom på 40-årsbesøk med bursdagskort, blomar og bursdagssong.
Tove Gylløw har vore blodfan av Else i mange år og hadde fått billettar til kveldens Oseana-framsyning «Kondolerer» i 40-årspresang av mannen Jan Kristian Rokne. For å toppa det heile, tok Os & Fusaposten med seg komikaren heim til ei starstruck Tove på Lekven.
- Hei Tove, det er besøk til deg, seier journalist Kenneth Svenningsen som går før Else opp trappa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Else Kåss Furuseth. Å, herregud! Nei, dette er heilt sånn surrealistisk, seier Tove og gir Else ein god klem.
- Gratulerer med dagen, ler Else og stemmer i «Hurra for deg». Resten av synginga overlet ho til det medbrakte pikekoret, Pernille Svenningsen (11) og Clara Bjarnedatter Vangsnes (9).
- Eg syng så frykteleg falskt, skjønar du, ler ho.
Godt inntrykk
- Tenk, Else Kåss Furuseth i stova mi. Eg har jo elska deg sidan «Torsdag kveld frå Nydalen», seier Tove skjelvande og gir Else ein ny klem.
- Tusen takk, det er veldig hyggjeleg å høyra. Håpar du vil like framsyninga i kveld, kvitterer Else som naturleg nok har fått eit kjempegodt inntrykk av Os etter nøyaktig ein halv time i bygda.
- Dersom alle i Os er halvparten så hyggjelege som Tove, så er dette ein veldig koseleg plass å vera, seier Else.
Naken
- Det eg likar så godt med Else er at ho utvidar det rommet vi menneske har å bevega oss i. Ho har eit ekstremt stort rom, og eg vonar at eg kan gjera mitt litt større. Eg skal jo ikkje kle meg naken, då altså, seier Tove og vert avbroten av Else.
- Men eg lovar å ikkje kle meg naken på scena i kveld, ler ho,
Artikkelen held fram under annonsen.
Tove strevar litt med å finna orda, men får stotra fram at dette er som å vera død.
- Nei, om du var død så hadde du møtt Rihanna eller Mariah Carey, ler Else.
- Nei, eg vil heller møta deg enn dei, seier Tove.
-