Skuldar Os kommune for miljø- kriminalitet
Svegatjørn, som ligg i traseen for nye E39, er det giftigaste vatnet i Hordaland, i fylgje miljøaktivist Kurt Oddekalv. No vil han melda Os kommune til politiet.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er berre nokre veker sidan arbeidet med nye E39 starta ved Svegatjørn. Ein opptrekt Kurt Oddekalv kallar området ved Veidekkes hovudkvarter i Kolskogen for ei tikkande miljøbombe. No har han utfordra Statens vegvesen til å sikra forsvarleg deponering av massane.
- Her låg det gamle forbrenningsanlegget til Os kommune og her har det vore sandblåsingsindustri. Difor er grunnen full av sterkt forureina oske, dioksinar og tungmetallar, forklarer Oddekalv som meiner Svegatjørn er det giftigaste vatnet i heile Hordaland.
Forureina drikkevatn
I fylgje Oddekalv har Norges Miljøvernforbund, som han er leiar for, lenge påpeika problemet med Svegatjørn.
- Vi har tidlegare bedt om at massene her vert fjerna på forsvarleg vis. Mellom annan bør vatnet slamsugast slik at ikkje giftige botnmasser vert virvla opp og renn ut i drikkevatn eller forureinar faunaen, seier han.
- Så du er ikkje motstandar av sjølve arbeidet som pågår her?
- Nei, det er jo bra at det vert fjerna. Men det må skje på skikkeleg vis. Slik det er no fekk arbeidarane sjokk då dei såg kva som møtte dei, seier Oddekalv.
- Har de teke grunnprøvar her som påviser stoffa du snakkar om?
- Vi treng ikkje det, vi veit kva som ligg her.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har teke grep
Fagansvarleg for miljø på vegprosjektet E39 Svegatjørn - Rådal i Statens vegvesen, Naomi Paulsen, viser på si side til at Norconsult utførte grunnundersøkingar etter forureiningslova på vegner av Statens vegvesen så tidleg som i 2011.
- Vi er fullstendig klare over at det ligg farlege stoff her. Mellom anna er her stoff i klasse fem, noko som betyr at massen må fraktast bort og deponerast på forsvarleg vis. Men vi har alt ein tiltaksplan for korleis dette skal handterast som er godkjend av Os kommune, seier Paulsen.
Måndag ettermiddag var dessutan Paulsen og prosjektleiar for nye E39, Sverre Ottesen, i møte med Kurt Oddekalv,
- Vi sa det same til han som eg seier no. Vi har også sagt oss villege til å vera med han på befaring vidare, seier Paulsen.
Oddekalv er positiv til vegvesenets invitasjon.
- Statens vegvesen ynskjer ikkje nokon strid med meg, og eg ynskjer berre at dei skal ordna opp. Møtet med dei måndag ettermiddag var i så måte ei positiv oppleving, seier han.
Feil adressat
- Kvifor vil du likevel melda kommunen?
- Fordi dei har visst om dette utan å gjera noko med det. Både Terje Søviknes og Gustav Bahus og fleire visste kva som låg skjult her, seier Oddekalv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes er kjend med at kommunen i gamle dagar hadde eit forbrenningsanlegg på området i Kolskogen.
- Både eldre osingar og heile kommunestyret var kjend med dette, seier Søviknes.
Likevel meiner han kommunen er feil adressat for ei politimelding. Dette fordi dei for lengst har selt området ved Svegatjørn til Statens vegvesen.
- Eg tek ei eventuell politimelding med knusande ro. I salskontrakten står det klart og tydeleg at Os kommune ikkje tek ansvar for eventuell forureining i grunnen. Dette er rett og slett Statens vegvesens eventuelle utfordring, svarer han.
Det eventuelt forureina området har dessutan vore tema ved tidlegare vegbygging. Då parsellen mellom Moberg og Svegatjørn vart bygd, la ein vegen utanom nettopp for å unngå å rota i den gamle fyllinga. Denne gongen lyt likevel området gravast bort.
- Dette er slikt som ein utbyggjar kan koma bort i. Då må ein ta prøvar av massar. Dersom det er miljøgift i grunnen, kan ein verta pålagd lagring i særskilte deponi, seier Søviknes.
Sno seg unna
Oddekalv lèt seg likevel ikkje overtyda av Søviknes.
- Det hjelper ikkje å skjula seg bak ei formulering i ein kontrakt. Vi meiner at Os kommune stadig har det juridiske ansvaret all den tid dei var opphavet til forureininga. Eit slikt ansvar har tilbakeverkande kraft. Difor liker eg dårleg at dei prøver å sno seg unna ansvaret, seier Oddekalv.