Minst fem meldt for slåsting
Politiet i Os hadde ei travel vakt natt til søndag. I ettertid vil minst fem personar bli meldt for slåsting.
- Det var slåsting og tilløp til slåsting på fleire plasser laurdag kveld og natt til søndag. Betjentane våre hadde ei travel vakt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Han legg til at dei må sjå seg nøydde til å slå ned på slike episodar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ingen personar vart nemnevedig skadde, og det var heller ingen av personane som var involverte som ville melda kvarandre, men det vil altså me. Truleg vert minst fem personar meldt for brot på paragraf 350, altså for å ha laga bråk og uorden på offentleg plass, fortel Hadler-Olsen.
Overnatta i bilar
Ei gruppe romfolk har i helga overnatta i bilar i Hegglandsdalen. Desse personane er identiske med dei som ved jamne mellomrom står og sel gatemagasinet «Folk er Folk» i Os og utanfor Amfi Os.
- Betjentane våre har vore i prat med desse seljarane i helga. Me har sjekka identiteten deira, og det finst ingenting som tyder på at dei gjer noko ulovleg. Det å sova i bilen på offentleg stad er heller ikkje ulovleg, seier Hadler-Olsen.
Ein måtte venta
Politiet har hatt eit par trafikk-kontrollar i helga. Fredag ettermiddag fekk tre bilistar forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon under køyring. Laurdag morgon var det promillekontroll på Hatvikvegen. Her vart 33 sjåførar kontrollerte. Berre ein av dei fekk utslag på målinga.
- Denne sjåføren bleste til 0,2, og vart difor beden om å venta i ein stund, for så å blåsa på nytt. Då lett-promillen hans viste seg å vera nedadgåande, fekk han køyra vidare, fortel Hadler-Olsen.