- Ikkje undervurder oss!
Helge Steinum (Ap) trur det skal mykje til for at opposisjonen får fleirtal etter dagens val. - Men om det skjer, bør ikkje Terje Søviknes undervurdera oss, seier han.
Arbeidarpartiets ordførarkandidat, Helge Steinum, røysta i Kløvertun nøyaktig fem over halv seks i ettermiddag. Etter alle solemerke vert hedmarkingen nytt medlem i Os kommunestyre om berre nokre få timar. Han har mindre tru på at han vert ordførar.
Dei siste dagane har både BT og TV 2 presentert meiningsmålingar som syner at Høgre/Frp-alliansen er farleg nær å mista fleirtalet i Os. Men Steinum tek ingenting på førehand.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, eg er realistisk. Det skal mykje til for at det skal skje.
Slengarar
- Terje Søviknes har inga tru på at opposisjonspartia i Os greier å samla seg og meiner det einaste de har til felles er at de vil kvitta dykk med han?
- Då tek han feil. Sjølvsagt er det einskildsaker vi er usamde om, men når det gjeld til dømes skule, så er vi omtrent heilt på linje. Søviknes gjer klokt i å ikkje undervurdera oss, seier Steinum.
I løpet av valkampen har opposisjonen tydelegvis snakka godt saman. Og det er ikkje berre arbeidarparti-politikarar Steinum vil ha med seg inn i kommunestyresalen.
- Nei, eg førte opp nokre slengarar på valseddelen også. Det er mange gode folk i Os, smiler han kryptisk.
Klar i natt
Difor er Steinum også klar til å byrja koalisjonsforhandlingar alt i natt, om valresultatet tilseier det.
- Ja, då må vi byrja å snakka saman med ein gong. Det gjeld å bli samde før nokon andre kjem på banen, seier han.
Sjølv entrar han kommunepolitikken med eit nesten heilt utskifta arbeidarparti-lag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, vi er mange nye namn, og det kan nok vera ei ulempe. Samtidig er dette ein så fin gjeng og eg gler meg verkeleg til å jobba saman med dei, seier han.