50-åring teke med narkotika
I går føremiddag vart ein bergensar teke ved ER-AN vegkro for å ha med seg narkotika.
Politiet melder om hendinga som fann stad ved vegkroa på Søfteland.
– Det var rundt kl. 1015 onsdag at ein mann i 50-åra vart stoppa av politiet ved ER-AN. Han vart pågripen og sett i arrest etter at politiet fann narkotika på han, skriv politiførstebetjent Rune Fimreite i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fann meir i huset hans
Politiet føretok ei ransaking i mannens hus i Bergen, og det vart det funne «ytterligere mengder» narkotika. Mannen sit framleis i arresten og skal avhøyrast.
ol@osogfusa.no