Vil jobba med menneske
Maja Holme, Sukanya Sarasiri og Linn Amalie Håvik vil jobba med menneske og satsar på helsefag, eit fag det berre blir meir og meir behov for framover.
- Eg vil jobba med menneske og ønskte meg ein skulekvardag med praksis, ikkje berre teori, seier lysefjordingen Maja.
Når utdanninga også gav høve for studiekompetanse, ved å ta allmenn påbygging, var det avgjort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sukanya frå Øyane hadde mykje same tankar bak sitt val av vidaregåande utdanning.
- Eg var litt skulelei og ønskte meg meir praksis. Vidare har eg planar om allmenn påbygg og sjukepleiarutdanning.
Den planen deler ho med Maja.
Tena pengar undervegs
Linn Amalie frå Tysnes vil derimot ta fagbrev som helsefagarbeidar.
- Eg veit ikkje heilt kva eg vil bli, og føler eg stoppar litt opp om eg tek påbygg. Eg vil heller tena pengar medan eg finn ut kva eg vil vidare, seier ho.
Det betyr to år på skule før ho tek til med to år i lære.
Helsesøster er ein mogleg framtidsdraum for Linn Amalie.
- Men det er ei lang utdanning, først som sjukepleiar og deretter helsesøster. Med fagbrev helsefagarbeidar i botn har eg alltid noko å falla tilbake på om eg ombestemmer meg undervegs, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Alle med fagbrev har også rett på allmenn påbygg seinare, når dei har bestemt seg. Så kan dei jobba og tena pengar i helgene, seier avdelingsleiar for helse og oppvekstfag ved Os vidaregåande, Inger-Elin Epland.
- Gjevande å gje omsorg
Maja hadde først sikta seg inn mot barne- og ungdomsarbeidar. Men etter å ha fått prøvd seg i praksis, endra ho meining.
- Eg forstod at helsefag er meir interessant for meg. Eg vil kanskje gå vidare på sjukepleiar.
Maja arbeider på Luranetunet ved sida av skulen og veit såleis at ho trivst med yrket.
- Det er gjevande å gje omsorg til dei eldre, seier ho.
Første året har elevane mest teori, og litt praksis. Andre året har dei praksis éin dag i veka på skulen. I tillegg kjem utplassering i bedrift tre dagar i veka, i tilsaman 13 veker.
- Skrikande behov
Som helsefagarbeidar har ein mange moglegheiter etter endt utdanning. Ein kan jobba i heimesjukelpleien, i PU-bustad, i ulike institusjonar, med rehabilitering, ved sjukeheim og med rusproblem.
- Etter sjukepleien kan ein velja å spesialisera seg vidare også, fortel Maja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tar ein fagbrev som helsefagarbeidar er det også mogleg å ta vidareutdanning og spesialisera seg.
- Det blir eit skrikande behov for helsefagarbeidarar framover. Det er sagt at ein treng 50.000-100.000 fleire i åra som kjem, seier rådgjevar ved skulen, Ingrid Lund Eide.
- Det stemmer, vi klarer ikkje dekkja behovet sik det er i dag, seier avdelingsleiar Epland.
- Godt miljø
Helsefaga ved vidaregåande skular i heile landet har hatt gode søkjartal dei siste åra. Os vidaregåande har hatt mange på venteliste.
- Dette er eit signal om at norske ungdommar har sett behovet, seier Lund Eide.
Dei tre andreårselevane trivst godt på Os vidaregåande, og gir skulemiljøet tommel opp. - Alle er velkomne og kan vera seg sjølve her, det har eg merka meg og synest er veldig flott, seier Maja.
Ho skryter også av lærarane, som ho meiner er skikkeleg flinke.
FAKTA:
Artikkelen held fram under annonsen.
Os vidaregåande skule har om lag 30 klassar med 480 elevplassar, og 105 tilsette.
Har fått tildelt landslinjer som gjer at elevar frå heile landet kan søkja seg til skulen.
Studietilboda er innan: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Service- og samferdsel og Teknikk og industriell produksjon.
I tillegg tilbyr skulen påbygging til generell studiekompetanse, tilrettelagde grupper og ulike kurstilbod.
Skulen blei starta i 1981 som Os yrkesskule og ligg ved Ulvenvatnet i Os kommune.