- Ferjefri E39 er avslørt som luftslott
SV meiner at fylkespolitikarane no har demonstrert for heile verda at alle alternativ for kryssing av Bjørnefjorden er urealistiske.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Sist torsdag behandla politikarane i fylkesutvalet planprogrammet for Stord-Os. Politikarane gjorde ei vesentleg endring: Den faglege tilrådinga om å utgreia veg i dagen over Søre Øyane, vart forkasta.
Ein halv siger
I løpet av behandlinga var det berre SV og Miljøpartiet Dei Grøne som stilte kritiske spørsmål. Andre parti som me lokalt er vane med argumenterer mot bru over fjorden, som Venstre og Senterpartiet, er på fylkesnivå rørande samde med Frp og Høgre m.fl. om at ferjefri E39 er flotte greier. Men SV har vore konsekvent i sin motstand. Tom Skauge (SV) kravde mellom anna å få svar på "kva kartlegging av miljø og kostnader vert planlagt for den kunstige øya som no er eit aktuelt alternativ?" Men fylkesadministrasjonen kunne eller ville ikkje svara.
Like fullt reknar SV vedtaket på torsdag som ein halv miljøsiger.
- Fleirtalet torer ikkje å tilrå at motorvegen landar i fjæresteinane i Os. I alle fall ikkje før valet. Det er godt nytt for miljøet, og for osingane, seier Marthe Hammer, SVs andrekandidat til fylkestinget.
Luftslotta sprekk
Vidare peikar partiet på at ei rekkje motorveg-alternativ no blir forkasta som urealistiske.
- Brua til Bjørnatrynet forsvann først, og deretter bru med ilandføring i dagen på Søre Øyane. Årsakene er for store kostnader både miljømessig og kostnadsmessig, seier Hammer.
Ho får heilhjarta støtte frå Oddne Bjørnør Horg, som er SV i Os sin ordførarkandidat.
- Det gjenstår i realiteten berre eitt alternativ; Bru med synketunell under Røtinga, og opp på Moberg. Med dette alternativet er prisen for Hordfast vorten rekordhøge 27,4 milliardar kroner. Kor mange milliardar må renna i sjøen før dei innser vanvitet? Eg fattar ikkje kvifor ein skal betala ein slik sum berre for å bli kvitt ferjene, seier Bjørnør Horg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur folk kjem til å måtta betala meir i bompengar, enn kva det i dag kostar å ta ferja. Det spørst om vegen vert like populær når dette går opp for folk, legg Hammer til.
- Gje heller ungane trygg skuleveg
Dei har mange forslag til alternativ bruk av milliardane. Som så mange unge osingar, har Oddne Bjørnør Horg mang ein gong gått med hjarta i halsen til og frå skulen.
- Langs med Hegglandsdalsvegen gjekk det ofte store trailerar. Den dag i dag er det ikkje fullverdig gang- og sykkelsti her. Bruk no pengane heller på å gje borna skikkelege skulevegar, seier Bjørnør Horg.
- Då me sat i regjering, kjempa me mot store vegprosjekt, nettopp for å prioritera rassikring, og betring av farlege vegar, skulevegar, sykkelvegar og barnetrakk. Og det kjempar me framleis for. I staden for firefelts motorveg vil me ha samanhengande tofeltsvegar med gul midtstripe. Det er ikkje sjølvsagt i Hordaland, seier Hammer.
Kan ikkje få både i pose og sekk
- Trur det ikkje det er mogleg å både byggja ny E39 og opprusta fylkesvegnettet?
- Nei. Sjå kor vanskeleg det har vore å få skrapa saman nokre kroner til ny asfalt i Hordaland. Sjølv med tilleggsløyvinga på 60 mill. kroner er Hordaland truleg framleis det fylket som har dårlegast standard på fylkesvegane sine. Det er ein grunn til at vestlandsvegar er eit omgrep. Eg trur folk skjønar at me må prioritera i Hordaland. Jamvel samferdsleministeren frå Frp har sagt det, poengterer Hammer.