Cathrin Valestrand og Øystein Reiertsen Tholo kan gleda seg over overveldande respons på diskusjonsgruppa "Kvardagsprat i Fusa".
Cathrin Valestrand og Øystein Reiertsen Tholo kan gleda seg over overveldande respons på diskusjonsgruppa "Kvardagsprat i Fusa".

Ny møteplass for fusaveljarane

Etter valdebatten i Eikelandsosen sist torsdag vart det laga ei facebookgruppe for dei som liker å diskutera. Det har teke skikkeleg av på kort tid.

16.40 sist fredag sende Øystein Reiertsen Tholo sms til Cathrin Valestrand. Kort etter hadde Valestrand laga gruppa "Kvardagsprat i Fusa". Ved midnatt same kveld hadde gruppa om lag 800 medlemer. På måndag då me snakka med Tholo og Valestrand på Revsfjøra i Strandvik, var talet oppe i 1300.

- Etter valdebatten gjekk ordskiftet høgt og langt utover kvelden og det var vanskeleg å få med seg alt, seier Valestrand.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det heiter sosiale medium, men ein blir frykteleg usosial av å følgja med på 20 debattar på same tid, seier Tholo.

Forbanna

Dei to grunnleggjarane har fått mykje positiv tilbakemeldingar. Både frå fastbuande, hyttefusingar, utflytta fusingar og andre som er knytt til Fusa på ulikt vis.

- Me har fått tilbakemelding på at dei har fått eit større innblikk i kva som går føre seg i fusapolitikken, fortel dei.

Dei vil gjerne vinkla saker positivt, i stadenfor at folk går i skyttergravene.

- Ein skal vera forsiktig med å setja folk i bås. Og ikkje alle som deltek er like heldig med å uttrykka ironi og sarkasme, meiner Valestrand.

- Ikkje alle skjønar at ein faktisk kan bla forbi om det er noko dei ikkje liker. Akkurat som med tv-tittinga. Men mennesket blri vel trekt mot det som gjer ein forbanna, trur Tholo.

Ikkje 24 timar

Ein ordførarkandidat har etter det han oppfattar som mobbing sagt frå om at gruppa ikkje lenger vil bli nytta av kandidaten til informasjonsflyt. Politikaren vil ikkje kommentera dette til avisa.

- Som administratorar kan me ikkje sitja på vakt 24 timar i døgeret. Ingen innlegg er blitt sletta, men me går inn og oppmodar til normal folkeskikk og oppførsel, fortel dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av emne som har vore oppe kan nemnast skule, helse, flyktningar og eigedomsskatt. Sjølv har dei også sine meiningar og går ikkje av vegen for ein frisk debatt.

Rykande ueinige

- På debatten i Eikelandsosen verka det som om det var breid semje om at skule og helse ikkje skulle setjast opp mot kvarandre, men det spørst korleis det blir i praksis, trur Tholo.

- Nokon samanlikna budsjettet med ei kake: Får nokon meir må dei andre få mindre. Politikk handlar om fordeling, meiner Valestrand.

Tholo meiner dei som administratorar skal vera nøytrale og demokratiske.

- Våre politiske meiningar skal ikkje ha noko å seia for styringa av gruppa. Difor har eg valt administratorar frå andre bygder som eg har vore rykande ueinige med.

Val frå sofaen

"Kvardagsprat i Fusa" er ein sjanse for politikarane å reklamera for partiet sitt. Og kanskje når dei også fram til sofaveljarane.

- Eg vil oppmoda alle til å bruka denne facebookgruppa for det ho er verd. Her kan ein lufta tankar og idear og få kontakt med andre fusingar. Om ein ikkje tek skrekken av det somme skriv, så trur eg dette skal bli bra og garantert interessant framover, avsluttar Valestrand.