Kor mykje pengar går med til russefeiringa?
Bilar, bussar, klede, drikke, mat, bensin, russekort og russetreff. Kor mykje pengar går eigentleg med til russefeiringa?
Du veit det er mai når dei raude buksene, bilane, den høge musikken og vannpistolane kjem. Når borna med skrekkblanda fryd gøymer seg for russebilane eller ropar etter russekort.
Russetida markerer slutten på 13-årsskulegang. Den blir feira med ruseknuter, russetreff, fester og ablegøyer. Dei fleste minnast russetiden som "ei god tid".
Artikkelen held fram under annonsen.
For russen sjølv er tida eit enormt pengesluk. «Os & Fusaposten» møtte russ frå Os Gymnas.
Hemmeleg namn på bilen
Anna Senneset, Thea Hauge og Katrine Kjerrgård gler seg til russetida. Dei har planlagt dagane i mai i lang tid
- Kva ser de mest fram til?
- Vi gler oss til landstreff i Bergen og Stavanger, svarar Thea.
Målet for tida er å ha det mest mogleg gøy.
Dei er saman med fire andre, ein veninnegjeng som saman skal ha russebil. Namnet på bilen er hemmeleg.
- Vi kjem nok ikkje til å avsløra det før etter jul ein gong. Vi har tenkt å innreiia bilen etter namnet, fortel Katrine.
Mykje dugnadsarbeid
Mange forbinder ordert «russ» med slappe ungdommar som kastar bort foreldra sine pengar på fest og fyll. Dette er nok som oftast feil. Jentene frå Os Gymnas har fleire slitsame timar med dugnadsarbeid bak seg, og endå fleire i vente. Nokre får litt hjelp av foreldre, men mesteparten av pengane må dei skaffa sjølve.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har selt dopapir og kjeks, også har vi panta flasker og målt ein garasje. Vi skal selje endå meir dopapir og sikkert fleire esker med kjeks, fortel Anna.
-Tener de mykje på det?
- Vi har til saman no tent rundt 27.000 kroner i dugnadsarbeid, så det er jo ein del. Men med tanke på kor mange timar som har gått med til dette, er det ikkje ein veldig effektiv måte å tena pengar på. Ein vanleg jobb hadde skaffa meir pengar, men sidan ikkje alle har jobb fann vi ut at det var mest rettferdig dersom alle gjorde dugnad, forklarar Katrine.
For jentene har dugnadsarbeid vist seg å vera den absolutt beste løysinga for å spara pengar. Heile bilen skal betalast av dugnadsarbeid og sponsorar.
-Vi kan sikkert slutta med dugnadsarbeidet snart, men vi vil halda fram ein stund til. Vi skal jo ha pengar til bensin, også tar vi høgde for at noko kan skje med bilen også, seier Thea.
Får sposorar
Ein anna måte dei har spart pengar på er ved å velja billig overnatting på landstreffet.
- Vi valde eit veldig enkelt hotell der vi ikkje eingong får sova på same rom, men vi sparar ganske mykje på det. Ein kan jo sova i bilen også, men ingen av oss hadde lyst til det. Det er berre veldig ubehageleg, og mange blir veldig sjuke av det, fortel Thea.
I tillegg til dugnadsarbeid har jentene også skaffa sponsorar, og sparar med det ein god del pengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi er fortsatt på utkikk etter fleire, og satsar på at vi får støtte på 10 - 15.000 kroner.
Noko budsjett har ikkje jentene satt opp, anna enn på sjølve russebilen. Den har dei ikkje kjøpt enno, men 50 000 er absolutt maks.
- Den vi ser på no trur vi vi skal få for 35.000. Vi har pruta litt på han, og det ser ut til å gå rette vegen, fortel Katrine.
Vanlegvis ligg russebilane ein plass mellom 30.000 og 60.000.
Eit bra russekort
-Kva trur de folk tenkjer om russen?
- Russen forbindes nok mest med fylla og drikking. Me merka det til dømes då me selte kjeks. Me fekk høyra frå ei, at ho ikkje ville sponsa festinga vår, ler Katrine.
-Korleis ser eit bra russekort ut?
- Det er ikkje så lett å si. Eg har sett mange bra og mange dårlege, seier Thea.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur eit bra sitat og eit morosamt bilete er det som skal til. Gjerne eit sitat som reflekterar deg sjølv, fortel Anna.
Faktaboks
Jentene sine antatte utgifter til kring 15.000 kroner per person:
*Klær (russebukse, russekort osv.): 2.500 kr
* Billetter til landstreff: 4.000 kr
*Hotell: 1.000 kr
*Drikke: 5.000 kr
*Bensin og sjåfør: 1.500 kr
*Mat: 1.500 kr