Cox, Lars Erik Vevatne, Erling Holst Øyasæter, Sigurd Hadler-Olsen, Arne Hadler-Olsen, Bård Monsen, Torbjørn Lothe Mehammer, Mattias Haugland, Lars Erik Jensen og Oddbjørn Gjerde.
Cox, Lars Erik Vevatne, Erling Holst Øyasæter, Sigurd Hadler-Olsen, Arne Hadler-Olsen, Bård Monsen, Torbjørn Lothe Mehammer, Mattias Haugland, Lars Erik Jensen og Oddbjørn Gjerde.

Sterk plassering under tøffe forhold

Det var tunge forhold med motvind begge dagar under helgas senior-NM i roing. Åttaren til Os takla forholda godt, og rodde inn til ein bronsemedalje.

Noregsmeisterskapen i roing for seniorar gjekk føre seg på Tunevannet i Sarpsborg. Erling Holst Øyasæter, Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Torbjørn Lothe Mehammer stilte i dobbelfirar for Os. Dei tok seg til A-finalen, der dei hamna på 5. plass av 14 lag.

- Strålande nøgde

Tolv lag stilte til start i åttar. Os kvalifiserte seg direkte til finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei rodde inn til ein fantastisk bronsemedalje. Laget var strålande nøgde med NM-medalje etter eit knallhardt løp. Norske stundenters Roklubb vann framfor Christiania Roklubb, fortel trenar, Audun Hadler-Olsen.