Ikkje farleg å reisa åleine
Då Ruth Solberg (86) vart enke, vegra ho seg for å reisa på ferie åleine. Men ei Syden-reise med Vitaltour i 2005 endra alt.
- Eg syntest det var skummelt å skulle reisa på eiga hand. Då eg kom inn i leilegheita slo det imot meg: "Hjelp! Ruth, du er i Syden åleine"·
Men så oppdaga Ruth at mange på turen var åleine, nett som henne. Og dessutan, kvar morgon ringte telefonen på rommet hennar. Det var reiseleiaren som lurte på korleis ho hadde det.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den åttande morgonen sa eg at ho ikkje trengde å ringa meg lenger. For no gjekk det fint med meg, smiler Ruth.
- Årsaka til at eg reiser på desse turane er nettopp fordi eg opplever tryggleik og omsorg.
Kypros med Os kommune
Ruth er ein av deltakarane på Vitaltours informasjonsmøte i Os eldresenter torsdag. Tidlegare reisande og eldre, heimebuande i Os er spesielt inviterte.
I oktober er det nemleg klart for den tredje trivselsturen i samarbeid med Os kommune. Denne gongen til Kypros.
- Eg har aldri reist på desse turane før, og har heller aldri vore på Kypros, seier Edith Solheim. Nybegynnaren har naturleg nok mange spørsmål til veteran-reiseleiar og sjukepleiar Marianne Hjelle.
Helsebringande
Ruth Solberg er derimot ikkje i tvil. Ho skal til Kypros i oktober.
- Turane er rett og slett helsebringande. Både klimaet og det sosiale fellesskapet gjer meg godt, smiler ho.
Ved sidan av Ruth sit Elsa Garvik frå Os. Ho kan skriva under på det Ruth fortel.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde også nett blitt åleine fyrste gongen eg reiste. Difor var eg litt engsteleg, men den aller fyrste eg møtte på var Ruth. Deretter gjekk det som ein leik, fortel ho.
- Kva vil de seia til dei som vegrar seg for å reisa fordi dei ikkje kjenner nokon?
- Nei, det må dei tørra. Det blir ei fin oppleving, og hugs, du er ikkje åleine. Vi er mange. Eg har fått vener på desse turane som eg vil ha livet ut, seier Ruth.