Om lag eit halvt år etter drapet på Trude Brenna Aasen er politiet ferdig med etterforskinga av saka.
Om lag eit halvt år etter drapet på Trude Brenna Aasen er politiet ferdig med etterforskinga av saka.

Åsen-drapet ferdig etterforska

Måndag var Aasen-drapet ferdig etterforska. Saka kjem truleg ikkje opp for retten før på nyåret.

Nær eit halvt år etter drapet på Trude Brenna Aasen seier politiet seg no ferdig med etterforskinga. Måndag sendte politiadvokat Inger-Lise Høyland si innstilling til statsadvokaten.

- Me føler me har danna oss eit godt bilete av kva som skjedde då Trude Brenna Aasen vart teke av dage i Åsen søndag 24. april, seier Høyland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Objektiv etterforsking

Trude Brenna vart funnen død i ein bil utanfor hennar tidlegare bustadshus i Åsen. Hennar fråseparerte ektemann vedgjekk frå starten av at han stod bak drapet.

- Sjølv i ei sak der det føreligg ei tilståing er det mykje som må etterforskast. Politiet må tileigna seg si objektive forståing av kva som har skjedd, og korleis ting skjedde. Det føler me at me har oversikt over no, seier Høyland.

Om drapet var planlagt eller ikkje, vil truleg få mykje å seia for lengda på straffa.

- Vil de prosedera på at drapet var planlagt?

- Det kan eg ikkje kommentera no.

Motivet ikkje stadfesta

«Os og Fusaposten» lukkast ikkje å koma i kontakt med den sikta 41-åringens advokat tysdag.

BT, som omtalte saka fyrst tysdag, skriv at ein gard og den økonomiske situasjonen til tiltalte skal ha stått sentralt i etterforskinga.

Politiadvokat Høyland poengterer at desse opplysningane ikkje kjem frå ho, og vil ikkje kommentera motiv-temaet ytterlegare.