FAU (her representert ved Hege Tønnesen) og lærarane ved Os Ungdomsskule er usikre på om den nye gymsalen vert stor nok.
FAU (her representert ved Hege Tønnesen) og lærarane ved Os Ungdomsskule er usikre på om den nye gymsalen vert stor nok.

- To gymsalar vert ikkje nok

Foreldre og lærarar ved Os ungdomsskule vil ha omkamp om gymsalen. Men kjem det for seint? Både ja og nei, er svaret frå kommunalt hald.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Gymlærarane ved Os ungdomsskule har sendt brev til politikarane i Os kommune der dei ber om at den planlagde gymsalen/fleirbrukshallen ved Os ungdomsskule vert flytta og endra.

- Gymsalen bør byggjast der det er teikna inn 12 bustader (sjå planteikning). Dersom gymsalen blir bygt der han no er teikna inn, vil me framleis vera avhengige av å låna gymsalen på Os barneskule, heiter det blant anna i brevet som er signert kroppsøvingsseksjonen ved Os ungdomsskule.

Framlegget frå prosjektavdelinga i kommunen legg opp til ei dobling av kapasiteten i forhold til dagens situasjon. To gymsalar på 429 kvm kvar (16,5 x 26), og dessutan scene/lager i eine enden av desse. I motsatt ende er det sett av areal til ein større kultursal.

I tillegg til å tena som gymsal, er tanken at fleirbruksbygget i Landboden skal fylla tomrommet etter kulturhuset Fjellheim som kulturlokale.
I tillegg til å tena som gymsal, er tanken at fleirbruksbygget i Landboden skal fylla tomrommet etter kulturhuset Fjellheim som kulturlokale.

Lærarane la til at det nyleg er kome nye valfag - mellom anna "Fysisk aktivitet og helse" som fører til at fleire grupper treng å bruka gymsalane enn berre dei som skal ha vanleg gym.

- Med den planlagde nye gymsalen, vert det slik som i dag: For lite kroppsøving på eitt trinn, og for lite tilgang til gymsal for andre fag som også treng gymsal, skriv lærarane.

Med venta auke i folketalet - då også i sentrum - vil det vera meir tenleg med eit større anlegg som kan nyttast av fleire, meiner dei.

For seint?

Politikarane i plan- og bygningsutvalet diskuterte innvendinga frå lærarane på sist møte.

- Var det kjent under arbeidet med gymsalen at han ikkje stettar behovet til Os ungdomsskule. Er det mogleg å endra reguleringsplanen slik at dei får gymsal som er tilfredsstillande? spurde Harald Døsen (Ap) som også er tidlegare lærar ved skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret frå plan- og utviklingssjef Anja Tjosås var at denne reguleringsplanen vart vedteken av kommunestyret i vår etter ein lang planprosess.

- Då me behandla denne saka i vår, hadde dei fleire høve til å koma med desse innspela. Men det kom ingenting. Det er heller ikkje gitt at gymsalen hadde blitt dobbelt så stor, om innspela kom heller, sa Tjosås.

Til «Os og Fusaposten» utdjupar ho situasjonen noko.

- Dersom ein skal gjera endring av kvar bygget skal liggja i terrenget eller storleik på bygningen, må ein i så fall til med ei omregulering. Men det er ikkje kome noko signal frå politikarane om at me skal gjera det, seier Tjosås og legg til:

- I ein planprosess vert alltid ulike omsyn vurdert opp mot kvarandre, og då må ein av og til gjera nokre val. I denne saka er det lagt stor vekt på å få etablert eit bygg som legg til rette for ulik bruk og aktivitetar, seier ho.

FAU fekk ikkje planen til orientering

Hege Tønnesen i Foreldre og arbeidsutvalet (FAU) ved Os ungdomsskule stiller seg solidarisk med lærarane.

- Me er opptekne av at skulen vår ikkje skal bli annanrangs i forhold til Nore Neset ungdomsskule. Då må me få ein like god gymsal som dei har. Dei har ein full handball-bane, mens her blir det lagt opp til ein halv handball-bane, seier ho.

- Kvifor kom det ikkje med slike innspel då planen vart behandla tidlegare i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me fekk ikkje planane til orientering. Me har berre fått planen i fanget no, og ser ganske kjapt at denne planen ikkje er ok, seier Tønnesen.

Blant anna er ho skeptisk til at dei legg opp til ei rekkje bustader like ved den alt tronge skuletomta.

- Ved å leggja denne fleirbrukshallen slik, tek ein av det vesle uteområdet elevane har. Bustadene tek ytterlegare av området. I tillegg må det bli problem med å ha bustader like ved. Skal elevane bli beglodd frå bustadene? Og blir det lagt avgrensingar på støyande aktivitetar på kveldstid? Eg synest dei har tenkt lite på ungane som skal gå der, seier ho.

FAU ønskjer difor primært - som lærarane- at dei 12 bustadene vert tekne ut av planen, og erstatta med gymsal. Då får ein plass til eit like stort anlegg som dei har på Nore Neset, ifølgje Tønnesen.

- Dersom det ikkje går, og planen er heilt låst, vil me koma med innspel knytt til inventar og innreiinga av fleirbrukshallen. Mellom anna vil me be om at den delen som er kalla scene/lager vert laga slik at han kan brukast som del av gymsalen, seier ho.

Rektors innspel

Rektor Kåre Lutro har ikkje vore skeptisk til sjølve plasseringa av fleirbrukshallen, slik lærarane og FAU er. Lutro fortel at reguleringsplanen var sak i Samarbeidsutvalet (SU) i mai 2014. Der er både foreldre og tilsette representerte. Dei gav uttrykk for å vera lite nøgde med å ha bustader så tett på skuleområdet, men plasseringa av sjølve gymsalen hadde dei ikkje innvendingar mot.

Då planarbeidet starta opp i 2012, hadde Lutro alt kome med innspel til prosjektleiar Tor Inge Døsen om kva som var skulens minstekrav til den nye fleirbrukshallen.

- Eg sa at minimumsbehovet vårt var på to gymsalar. Men etter den tid, har det kome nye læreplanendringar. Me skal ha valfag som også vil leggja band på gymsalane, seier Lutro.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men dette vart ikkje meldt inn i løpet av reguleringsplanprosessen?

- Me tenkte at me ville få høve til å jobba med sjølve utforminga av hallen i ettertid. No var det jo berre ein reguleringsplan som skulle vedtakast - den seier noko om kor bygget skal liggja, men korleis gymsalane skal sjå ut innvendig, reknar me sjølvsagt med å få vera med på å utforma. Det er ikkje før no spørsmålet er kome opp rundt detaljane i bygget. Då tenkjer eg på kva bygget skal innehalda, og korleis både skulen og kulturlivets behov kan stettast, seier Lutro.

-Rom for å diskutera innsida

Prosjektsjef Tor Inge Døsen stadfestar at dei ytre rammene no er spikra gjennom den vedtekne reguleringsplanen.

- Men innsida av fleirbrukshallen går det an å diskutera. Det eg fekk beskjed om frå skulen var at dei har behov for ein dobbelt gymsal, og det har eg lagt inn, seier Døsen.

Han legg til at det vert andreetasje også, med fleire rom som kan gje den fleksibiliteten som lærarane ønskjer seg. Komande veke skal Døsen og kommunalsjef Line Rye møta skuleleiinga ved Os ungdomsskule for å diskutera saka.