Storstilt feiring i Fusa - med borna i hovudrolla
Elevane ved Fusa skule hadde ei sentral rolle i nasjonaldagsfeiringa på Fusa.
Dagen starta tradisjonen tru med open kyrkje og kranspålegging. Skuleelevar stod for både diktlesing og nedlegging av krans i ein høgtideleg seremoni ved Fusa kyrkje.
Etter oppstilling på skuleplassen og fyrste vers av «Ja, vi elsker», gjekk toget - anførd av Eikelandsosen Musikklag - frå skulen til Eikhovdaheimen. Ord for dagen her var det tidlegare ordførar, Hans S. Vindenes, som stod for i år. Ved stoppet ved Eikhovdaheimen var det også fellessong og diktlesing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Attende i Fusa samfunnshus var det 7. klasse som hadde fått det ærefulle oppdraget med tale for dagen, og born både frå skulen og barnehagen underheldt frå scenen.
Sidan stod is, hot dog, kake og sjølvsagt leikar for born og vaksne på programmet på skuleplassen og idrettsbanen.
Os&FusaTV var tilstades på feiringa og kjem også med ein fyldig videoreportasje frå den store dagen.
Følg med på Os&FusaTV i morgon.