Arbeider frivillig i ferien
Sjukehusbåten «Africa Mercy» treng oppgradering. Fusingen Peter-Hans de Zwarte er ein av mange frivillige som bidreg med sin kompetanse.
Den første De Zwarte trefte då han kom til Las Palmas på Gran Canaria i slutten av førre veke, var norenesingen Halvard Berge.
I løpet av verftsopphaldet på Gran Canaria dei neste vekene, skal «Africa Mercy» gjerast klar til neste humanitære oppdrag i Kamerun. Det vert ifølgje De Zwarte, ein kjemepedugnad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fredag var første arbeidsdag. Den vart brukt til å bli betre kjent med skipet, og til å byrja å arbeida så smått. Det er eit godt miljø og kjekke folk om bord. Her har alle ei innstilling om å få jobben gjort med det ein har av tilgjengeleg utstyr, seier De Zwarte.
Måndag vart det 150 meter lange skipet løfta opp frå sjøen. Då starta arbeidet med å oppgradera sjukehusskipet for alvor.
– Dei frivillige kjem til å utføra mykje vedlikehald og oppgraderingar. Elles tek verftet seg av dei største jobbane som å vaska og smørja botnen av skipet, fortel fusingen.
Lang søknadsprosess
Både Berge og De Zwarte vart obs på at «Africa Mercy» trengte frivillige i Las Palmas gjennom sosiale medium. De Zwarte vart tagga i eit Facebook-innlegg av ein kompis.
– Dei var på jakt etter elektrikarar. Eg tok kontakt med dagleg leiar i Mercy Ships Norge, Roger Vassnes, og spurte om eg var brukande. Vanlegvis jobbar eg mest med høgspent og sterk straum, seier fusingen som har sitt daglege virke hjå Fusa Kraftlag.
De Zwarte måtte gjennom ein lang søknadsprosess. Skipet er nemleg eigt av ein amerikansk organisasjon, og det er amerikanarane som bestemmer kven som får koma om bord.
– Den første søknaden sendte eg for tre månader sidan, seier De Zwarte, som bruker halve ferien sin til å arbeida frivillig som elektrikar.
– Eg har alltid hatt lyst til å gjera noko innan feltet mitt andre stader enn i Fusa, gjerne i utlandet. No baud sjansen seg. Det er kjekt å kunna hjelpa andre med den kompetansen ein har, meiner De Zwarte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betaler sjølv
Alle som er om bord, anten dei er elektrikarar, sjukepleiarar eller legar, arbeider frivillig. Dei betaler også kost og losji sjølve.
De Zwarte får hjelp av arbeidsgjevaren sin, Fusa Kraftlag, til å dekkja delar av opphaldet hjå Mercy Ships.
– Arbeidsgjevaren min synest det er flott at eg bruker fritida og kunnskapen min i eit slikt prosjekt, seier han.
Halvard Berge hadde høyrt om Mercy Ships gjennom ein sjukepleiar som arbeidde frivillig om bord. Osingen har dessutan ein onkel som har arbeidd på skip før, og som har fortalt om eventyra sine på dei sju hav.
– Eg synest det var på tide å gje mitt første bidrag til det humanitære prosjektet, seier han.
I tillegg til å hjelpa til med bistandsprosjektet, håper Berge å læra meir om dei tekniske finessane ved skipet.
– Til hausten byrjar eg på siste året av utdanninga mi som sivilingeniør innan produktutvikling og produksjon på NTNU, fortel han.
Joggetur i solnedgang
Skipet skal vera på verftet i Las Palmas i 1 1/2 månad. Av arbeidsoppgåvene dei to karane skal ta del i, er: Montering av nytt kontrollsystem til generatorane, nytt kjøleutstyr, nytt overvakingssystem, samt generelt vedlikehald av heile båten. Skipet skal rett og slett pussast opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er vanlege arbeidsdagar, så det vert ein del fritid også. Heime i Fusa er det ikkje alltid det vert så mykje av det, seier De Zwarte, som gler seg til å utforska Las Palmas by, og til å ta seg ein joggetur på ei sandstrand i solnedgang.
– Om det finst ei fin sandstrand, då... Det veit eg faktisk ikkje. Eg har ikkje hatt så mykje tid til å setja meg inn i staden eg skal til, vedgår han.
camilla.kvamme@osogfusa.no