Betre behandling av kols
I 2014 brukte 430.000 nordmenn legemiddel mot astma og kols. Mange får ikkje den effekten dei skal ha av behandlinga.
No får astma- og kolspasientar rett på ekstra rettleiing.
- Det er dokumentert at omtrent halvparten av pasientane med astma og kols ikkje har god nok effekt av behandlinga. Ein av grunnane til dette er for lite kunnskap om korleis inhalatoren skal brukast, seier farmasøyt Silje Søviknes Hagevik ved Apotek 1 Flåten.
Artikkelen held fram under annonsen.
50 prosent av alle astma- og kolspasientar har problem med å bruka medisinane sine riktig. No skal dei få tilbod om ekstra rettleiing om riktig inhalasjonsteknikk.
Tenesta, som er finansiert av det offentlege og som er gratis for pasientane, skal hjelpa pasientar til å få betre utbytte av medisinen sin og betre kontroll over sjukdomen.
- Vi ser at mange, også dei som har brukt inhalasjonsmedisinar i mange år, ikkje er klar over at dei bruker inhalatoren feil. Det er ofte ikkje snakk om dei store feila, men nok til at effekten av medisinane blir dårlegare, seier Hagevik.
Hagevik trur dei fleste som bruker inhalasjonsmedisinar vil ha nytte av inhalasjonsrettleiing.
- Tilbodet er gratis og tar mindre enn ti minutt. Eg vil seia at det einaste du risikerer er å få betre effekt av medisinane dine, og det er ein sjanse det er verdt å ta, seier Hagevik.