Frp, KrF og V er samde om at det må gjerast noko med skulestrukturen i Fusa. - Eg vil gje honnør til lærar ved Holdhus skule, Maria Louise Lister Midtrød, for at ho torte å ta bladet frå munnnen. Eg støttar henne fullt ut, seier Djuvik.
Frp, KrF og V er samde om at det må gjerast noko med skulestrukturen i Fusa. - Eg vil gje honnør til lærar ved Holdhus skule, Maria Louise Lister Midtrød, for at ho torte å ta bladet frå munnnen. Eg støttar henne fullt ut, seier Djuvik.

Vil byggja tre nye skular

Ny ungdomsskule i Eikelandsosen, ny barneskule i Eikelandsosen og ein ny, felles skule for borna på Fusahalvøya. Slik ser Framstegspartiet føre seg skulestrukturen i Fusa i framtida.

- Vi har programfesta at vi vil endra skulestrukturen i Fusa, seier partiets ordførarkandidat, Magne Djuvik.

Før sommaren vart skulestruktursaka sendt på høyring. Folk skulle få høve til å seia kva dei meiner om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er sjølvsagt viktig for oss å høyra kva innbyggjarane meiner. Samstundes er det kommuneval om få veker, og då må innbyggjarane få vita kva partia tenkjer, seier Djuvik.

Færre skular med fleire elevar

Dagens ungdomsskule har ifølgje Djuvik gjort jobben sin, og bør bytast ut. I tillegg ser han og partifellene føre seg ein ny, stor barneskule i nærleiken av idrettshallen og krøllgrasbanen. Partiet meiner dessutan at samfunnshuset bør byggjast om, slik at ein får plass til kinosal og besøk frå mellom andre Rikskonsertane.

- Vi vil samla tilbodet til born og unge på eitt område, seier Djuvik.

- Kva legg du i omgrepet stor barneskule?

- Det bør i alle fall vera plass til borna frå Eikelandsosen og Hålandsdalen i den nye skulen, seier han.

Vidare føreslår partiet å slå saman Fusa og Strandvik barneskule. Den nye skulen skal liggja på Fusa. Det vil seia i nærleiken av dagens skule, Fusabadet og Fusatun.

- Vi vil få eit nytt, flott anlegg med ein tilhøyrande idrettsplass, seier Djuvik.

Skulane i Nore Fusa og Søre Fusa bør ifølgje Frp, bevarast.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har Fusa kommune råd til å byggja tre nye skular?

- Lat meg snu spørsmålet på hovudet, har vi råd til å lata vera? Som følgje av kommunereforma, kan Fusa verta del av ein ny storkommune. Før det skjer, er det viktig at vi lagar nye, solide skular, slik at vi får det slik vi vil ha det i den nye storkommunen. På denne måten har vi framleis kontroll over situasjonen, understrekar ordførarkandidaten.

Enkeltmenneske i fokus

Bjarte Samnøy (KrF) er samd med Djuvik i at ein er nøydd til å auka storleiken på skulane i Fusa.

Ideelt sett bør det vera 15-16 elevar på kvart trinn, om ikkje vert miljøa for små, meiner ordførarkandidaten.

- KrF er oppteken av enkeltmenneske. Når ein skal gå sju år i same klasse, er det viktig at ein finn nokon ein trivst i lag med. Vi kan ikkje slå oss til ro med at snittet har det bra. Vi må ikkje gløyma enkeltelevane, seier KrF-politikaren.

Samnøy meiner også at lærartettleiken må verta større.

- Det finst sikkert døme på personar som er nøgde med dagens situasjon, men vi kan ikkje basera verksemda vår på at lærarane er overmenneske. Vi kan ikkje slita ut folk, seier han.

Samnøy ser føre seg at kommunen reduserer talet på skular med to i første omgang. Han meiner også, til liks med Djuvik, at ein vert nøydd til å gjera ein del investeringar i skulesektoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi må leggja ein strategi ut frå den situasjonen vi er i, både når det gjeld økonomi og kvalitet. Kommunestyret som tek fatt på komande periode, bør starta arbeidet med ein skulebruksplan så fort som mogleg. Men ein skule i kvar bygd, vert for mykje, slår Samnøy fast.

- Feil fokus

For Venstre har det lenge vore eit mål å få på plass ein meir "framtidsretta" skulestruktur i Fusa. Ordførarkandidat Arild Heggland meiner Agenda Kaupangs alternativ fire, nemleg å bevara skulane på Fusa, i Eikelandsosen, Nore Fusa og Søre Fusa, er den beste løysinga.

- I tillegg har vi eit ønske om å gå i dialog med Vinnes friskule for å sjå om det er mogleg å få til eit samarbeid med dei. Målet er sjølvsagt å få til ein felles skule for alle borna på Fusahalvøya, seier Heggland.

Venstre-politikaren meiner skuledebatten så langt har bore alt for mykje preg av kva foreldre og besteforeldre ønskjer, og ikkje det som skulen eigentleg handlar om.

- Eg synest til dømes det er veldig pussig å argumentera med at elevane må kunna gå til skulen. Gjeld det alle born i Fusa, eller berre dine eigne? spør Heggland.

Då Magne Djuvik først engasjerte seg i politikken for over 20 år sidan, var han sjølv med på å kjempa mot nedlegging av skular i bygdene. Frp-politikaren meiner situasjonen er annleis i dag, både på grunn av økonomi og barnetal.

- Måndag starta det 26 førsteklassingar fordelt på sju skular i Fusa. Til samanlikning har dei 36 førsteklassingar i Samnangar på éin skule. Det er ingen tvil om at noko må gjerast, seier Djuvik.

Vi kan ikkje basera verksemda vår på at lærarane er overmenneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjarte Samnøy (KrF)