Lovar kakebit til alle
Laurdag 11. juni feirar Oseana fem år. På programmet står ei laaang kake, ny kunstutstilling og musikalske smakebitar.
Jubileumsdatoen er eigentleg 17. juni, men Oseana Kunst- og kultursenter tjuvstartar litt for å feira sine fem første år. Laurdag 11. juni er det fullt program.
- Det blir nok feiring i meir eller mindre ei veke, men hovudmarkeringa finn stad på føremiddagen denne laurdagen, fortel arrangementssjef, Berit Steen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bursdagsfest i foajeen
Steen og arrangements- og markedskoordinator Janne Mari Hjelle er klokkeklar på kven dei ønskjer å feira dagen med.
- Dette er ein festdag for alle, men spesielt osingar og fusingar er ekstra velkomne. Hadde det ikkje vore for vårt lokale publikum, så hadde ikkje det vore liv laga for eit hus som dette, seier Hjelle.
- Me håpar på stort frammøte. Første del av bursdagsfeiringa vert i foajeen. Då vert det servering av kake og kaffi. Dessutan vert det talar og underhaldning. Deretter vert det jubileumskonsert i Oseanahallen med Søre Neset Musikklag, supplert av Nore Neset Musikkorps, Os Musikkforening og Os skulekorps, fortel Steen.
I slutten av jubileumsveka, i samband med Ølfestivalen laurdag 18. juni vert Oseanas haustprogram sleppt.
Årets "Pushwagner"
Etter jubileumskonserten vert det opning av ny kunstutstilling i Grieg-samlinga i kjellaren.
Kurator Marianne Gathe omtalar det heile som årets "Pushwagner".
- Me er utruleg glade for å få stilla ut ein del av bileta til den trønderske kunstnaren Håkon Gullvåg. Han er nok ikkje fullt så kjent som Pushwagner, men blant kunstkjennarar er han svært høgt akta både i Noreg og internasjonalt. Mest kjent er han for sine flotte portrett av kjente norske personar, som til dømes Henrik Ibsen, Wenche Foss og Rolv Wesenlund, fortel Gathe.
Blant dei største måleria ho har fått med seg frå Gullvågs galleri i Trondheim, er tre gedigne portrett av Wenche Foss.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gullvåg fekk koma tett på Wenche den siste tida før ho gjekk bort i 2011, og på måleria kan ein nærast sjå korleis ho synk saman som følgje av sjukdomen ho då lidde av, seier Gathe.
Gullvåg vart tidlegare i år utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for "fremragende innsats som kunstner".
Fargesprakande
I samband med Gullvåg-utstillinga vert delar av samlinga til Per Grieg no utstilt i Hvelvet.
- Dette er noko me har gledd oss til. Me har måla veggene i Hvelvet i ein djup, mørk raudfarge. Det trur eg vil kle mange av måleria svært godt, seier kuratoren.
I Griegsamlinga vert det ut juli månad ekstra fargerikt. Gullvågs bilete er kraftfulle og fargesprakande i sitt utrykk. Alle bileta er ikkje like lystige, men vitaliteten og varmen er å finna i kvart einaste av hans arbeid.