Rekorddeltaking og massebad i Ulvenvatnet
Med godt over 400 utøvarar i aksjon vart det ny deltakarrekord i Os Triathlon laurdag.
Foto: Jan Petter Svendal
I det knallflotte september-vêret var det mange som fann vegen til Bergen Triathlon Club sitt faste seinsommar-arrangement i Sigurdsvika laurdag. Godt over 400 fullførte den åttande utgåven av Os Triathlon. Det er ny rekord med bra margin.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er ikkje heilt sikker på kva rekorden lydde på tidlegare, men at det vart ny rekord er sikkert. Med 400-500-deltakarar er me heilt i grenselandet for kor mange me kan ha med, seier arrangementansvarleg Ole Jacob Taraldset.
Han er likevel rask med å leggja til at det uansett gjekk prikkfritt.
- Me hadde også rekord i tal på funksjonærar, så dette hadde me full kontroll på. Nær 70 frivillige var med på å syta for at dette vart eit svært vellukka arrangement, seier Taraldset.
Han takkar også Dale Oen Experience, Os brannvesen og Røde Kors for hjelp under arrangementet.
- Me hadde ikkje eit einaste uhell som det vart rapportert om, og berre eit fåtal av deltakarane braut løpet. Då kan me ikkje vera anna enn nøgde, seier stemneleiaren.
Suveren siger
Totalt 159 menn og kvinner deltok i seniorklassen. Her var etappane 750 m symjing, 20 km sykling og 5 km løping.
Vinnaren i herreklassen, og raskast av samtlege, var Vetle Bergsvik Thorn frå Åsane Cykle klubb. Thorn leidde med 47 sekund ut frå symjinga og berre auka forspranget utover i løpet. Åsane-buen nådde mål til tida 59,49.
Kampen om andreplassen vann Tor-Aanen Kallekleiv. Han skulle eigentleg vore funksjonær og passa på symjarane, men fekk plutseleg høve til å delta, og gjorde altså dette i stor stil.
Artikkelen held fram under annonsen.
I kvinneklassen var det Karen Nygård Magnussen som gjekk til topps. Ho vann med to minutt på Elin Steinsbø Fylkesnes.
Blant dei beste lokale utøvarane var Felipe Molina frå Fusa Sykkelklubb. Fjord'n-karen nådde mål til tida 1.08,56. Det heldt til ein 11. plass i samandraget.