Politi, Røde Kors og eit Sea King-hellikopter leitar no etter den sakna mannen på Venjaneset-sida av Fusafjellet.
Politi, Røde Kors og eit Sea King-hellikopter leitar no etter den sakna mannen på Venjaneset-sida av Fusafjellet.

Full leiteaksjon etter mann i 70-åra

Ein mann i 70-åra er meldt sakna etter ein tur i Fusafjellet søndag ettermiddag. Politi, Røde Kors og Sea King-hellikopter leitar no etter mannen.

Mannen drog på Fusafjellet frå Fusatun-sida klokka 14.00 i ettermiddag. Kring klokka 17.15 var han i kontakt med kona over telefon. Då sa han at var på veg ned att frå fjellet, og at han rekna med å vera heime i 18-tida.

Klokka 21.00 vart politiet varsla om at mannen ikkje var komen heim. Med tanke på kulda, og mannens høge alder sette dei i gang full leiteaksjon med det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No har me fire politi, folk frå Røde Kors og hundar frå Norske Redningshundar som er ute og leitar i området. Eit Sea King-hellikopter er også kalla inn og søkjer frå lufta, seier operasjonsleiar i Hordaland Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Mannen var kledd i grøn jakke og svarte bukser. Politiet tek imot tips på telefon 02800 om nokon har sett mannen.