Det vart høg temperatur då Fjøra-trenarane bruste med fjøra og ba Ruben Hetlevik koma seg inn i sonen sin laurdag.
Det vart høg temperatur då Fjøra-trenarane bruste med fjøra og ba Ruben Hetlevik koma seg inn i sonen sin laurdag.

Fjøra brusa med fjøra, men kom til kort

Fjøra var tøffe både på og utanfor banen, men Lysekloster var klart best, tok tre nye poeng og er no á poeng med tabelloppar Brattvåg.

Etter ein forhaldsvis kjedeleg førsteomgang small det litt utover i andre omgang i Lysekloster Framo Idrettspark laurdag. I første rekkje i form av nokr tøffe duellar. Etter kvart også på sidelinja.

– Ka sa du, sa du noko til meg, lydde det frå trenarbenken til sogningane etter at Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik hadde bede Fjøras hovudtrenar om å halda kjeft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter fekk Fjøra støtte frå assistenttrenaren sin, og med eitt var det full brusing med fjøra og like før handgemeng, før linjedommaren kom til og fekk skilt partane.

– Det kokte litt der, ja, Sa Ruben til Os og Fusaposten etter kampen.

Då hadde han nett ordna sånn nokolunde opp med trenarkollegaen.

Espen Birkeland og resten av dei blå-kvite var først på ballen i dei fleste situasjonar mot Florø. Neste helg måøter kapteinen og Lysekloster-laget Varegg. Det blir truleg også ein spesiell kamp for Lysekloster-keeper Kjetil Hansen, som kom frå Varegg i sommar.
Espen Birkeland og resten av dei blå-kvite var først på ballen i dei fleste situasjonar mot Florø. Neste helg måøter kapteinen og Lysekloster-laget Varegg. Det blir truleg også ein spesiell kamp for Lysekloster-keeper Kjetil Hansen, som kom frå Varegg i sommar.
Det var nerve i kampen heilt til Kristoffer Østervold snappa opp eit tilbakespel og ordna 2-0 i Lysekloster Framo idrettspark. Her vert målskåraren gratulert av Joakim Helland og dei andre lagkameratane.
Det var nerve i kampen heilt til Kristoffer Østervold snappa opp eit tilbakespel og ordna 2-0 i Lysekloster Framo idrettspark. Her vert målskåraren gratulert av Joakim Helland og dei andre lagkameratane.

– Han sa nokre ufine ting, både om meg og dommaren. Det likte eg ikkje, kommenterte Hetlevik.

Full kontroll

Men trass i tøft knokkelspel frå Fjøra, var Lysekloster aldri særleg truga. Etter 1-0-skåringa til Ken-Joar Lyngås Føyen i det 10. minutt hadde Lysekloster minst 70 prosent av ballinnehavet, og i det store og det heile fortonte mykje av kampen seg som eitt evig langt blå-kvitt angrep.

– Det vart litt statisk å kjedeleg dette, Ruben?

– Jaudå, men slik er det når gjestene på banen vår legg seg i forsvar frå første stund. Då handlar det for oss om å vera tolmodige, ikkje bli for ivrige, men venta på dei rette sjansane.

– Og dei komm mot slutten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det opna seg litt det siste kvarteret. Då måtte Fjøra opp på banen, og dermed fekk me litt opningar å spela i.

I det 74. minuttet, snappa Lysekloster-spiss, Kristoffer Østervold, opp eit tilbakespel, lobba over keeper og ordna 2-0. Resultatet stod seg til slutt.

Artig scenario

Med 2-0-sigeren over Fjøra er Lysekloster á poeng med Brattvåg. Serieleiarane klarte berre uavgjort mot Sotra tidlegare laurdag føremiddag.

– For oss er det eigentleg ingen skilnad. Me har som mål å vinna dei tre siste kampane. Det måtte me før me fekk vita dette resultatet, og det må me no etter at me veit det resultatet, seier trenar Hetlevik.

Lysekloster har Varegg, Sotra og Brann 2 igjen. Rivalene frå møre har Brann 2, Haugesund 2, og som ein skjebnens ironi, Os igjen i årets serie. Eit artig scenario kan vera at Os må vinna i siste kamp for å redda kontrakten i divisjonen, samstundes som de då vil hjelpa sin argaste konkurrent til opprykk til 2. divisjon.

Lysekloster stilte med følgjande lag: Kjetil Hansen - Ken-Joar Føyen, Mirza Mujcic, Kasper Hjørnegaard, Thorvald Modahl Trætteberg - Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Joakim Helland, Armin Pasagic – Stian Dyngeland, Kristoffer Østervold.

Lyseklosters tre beste spelarar: *** Joakim Helland, ** Kristoffer Østervold, * Stian Dyngeland.