- Dei som kjenner meg, veit at eg brenn for Os, seier avtroppande sentrumsleiar Geir Amundsen. (Arkivfoto)
- Dei som kjenner meg, veit at eg brenn for Os, seier avtroppande sentrumsleiar Geir Amundsen. (Arkivfoto)

Amundsen trekkjer seg av omsyn til helsa

Geir Amundsen går av som leiar i Os sentrumsforeining. Men han har ikkje mista trua på Øyro.

- Eg vil byrja å ta meir omsyn til helsa. Eg føler det er best for Os, sentrum og foreininga, samstundes som eg får tid til å vera meir på hytta og fiska og kosa meg, seier Amundsen i ei pressemelding.

Han legg samstundes ikkje skjul på at BTs oppslag om butikkdød på Os har vore belastande og framstod misvisande, slik han ser det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Os er ikkje død og kjem ikkje til å dø i næraste framtid. Berre kom og sjå, seier Amundsen og held fram:

- Dei som kjenner meg veit at det som BT skreiv om Os ikkje er det eg står for. Det er ting i reportasjen som kom ut på ein måte dei ikkje burde. Det beklagar eg på det sterkaste. Det var ikkje meint slik det kom ut i avisa. Dette har opprørt meg og mange med meg. Eg beklagar igjen måten denne reportasjen framstiller Os. Det står ikkje i stil med det eg meiner, har sagt eller står for.

 

Amundsen kommenterer vidare at "dei som har møtt meg og kjenner meg, veit at eg brenn for Os. Eg har stått på i mange år, trass sviktande helse. Eg har sprunge opp og ned trapper og styrt rundt i sentrum og arrangert marknader og aktivitetar saman med medlemene i Os Sentrum. Eg har jobba for at Os skal vera ein kjekk stad å vera, med gode butikkar og kjekke aktivitetar".

Den avtroppande sentrumsleiaren legg til at det er mykje spennande som skal skje i Os i den næraste framtid.

- Vi pussar opp gatene, får tak over fortaua, nytt torg med fontene og torgbygg. I tillegg er sentrumsforeininga inne i ei omorganisering som er svært spanande.

No er Amundsen oppteken av at det vert ro rundt desse prosessane.

- Dessverre har denne avisreportasjen skapt så mykje støy at alt dette flotte, nye og spanande blir overdøyvd og forstyrra. No må Os få ro til å gjennomføra dei nye prosessane på ein god måte, avsluttar Amundsen.