Kalenderen er nesten full for Camilla Brekke Dalland og Lysefjorden mikrobryggeri. På sida av alt som skjer framover, jobbar dei no saman med ordførar Terje Søviknes for å finna eit produksjonslokale i Os.
Kalenderen er nesten full for Camilla Brekke Dalland og Lysefjorden mikrobryggeri. På sida av alt som skjer framover, jobbar dei no saman med ordførar Terje Søviknes for å finna eit produksjonslokale i Os.

Ølet lengtar heim

Lysefjorden mikrobryggeri har hatt ein enorm auke i produksjon og sal sidan oppstart på hausten i fjor. No ser dei på høva for å flytta produksjonen heim.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Lysefjorden mikrobryggeri starta opp, var dei på utkikk etter lokale i Os og omegn. Dei fann lite, og det dei fann var for dyrt. No held dei til i Arna, kor dei har det greit, men det er ikkje der dei høyrer heime.

- Det er i Os og Lysefjorden me har lokal tilhøyrsle. Eg og bror min kjem frå Tysnes, men eg har budd her i 14 år. Resten av gjengen er her ifrå, seier sals- og marknadssjef Camilla Brekke Dalland.

Kontakta av ordføraren

No får dei hjelp til å sjå etter lokale i Os kommune. Ordførar Terje Søviknes tok for kort tid sidan kontakt med Lysefjorden mikrobryggeri.

Dalland har alltid krukker med seg malt og andre råvarer i bilen, slik at kundar kan få smaka og lukta på produkta deira.
Dalland har alltid krukker med seg malt og andre råvarer i bilen, slik at kundar kan få smaka og lukta på produkta deira.

- Lysefjorden mikrobryggeri høyrer heime i Lysefjorden og i Os. Dei er lokale folk i ei spanande bedrift, i ein spanande fase. Det hadde vore fantastisk å få dei til Os, seier Søviknes.

Førebels har dei berre hatt eitt møte, men det er jamleg dialog mellom partane.

- Me er på jakt etter alternative lokale, og dei har litt tanker kring det å kunna visa fram produkta og la folk koma innom og smaka. Det er utfordrande å finna dei rette lokala med rett plassering, men me gjer det me kan for å bistå dei, seier Søviknes.

"Tasting room"

Dalland stadfestar at dei ikkje berre kjem til å ha bryggeri om dei flyttar produksjonen til Os.

- Me ønskjer å ha eit "tasting room" der folk kan få prøva produkta. Me skal ikkje ha utsal, og ser helst føre oss å lokalisera oss utanfor sentrum, for å ha vår eigen plass. Men det må vera lett tilgjengeleg, seier Dalland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikrobryggeriet har stort fokus på kombinasjonen av god mat og tilhøyrande godt øl.

- Eit "tasting room" er også ypparleg for å treffa folk, og me kan fortelja kva øl som passar til ulike mattypar, seier Dalland.

Minst 500 kvadratmeter

I september i fjor brygga Lysefjorden mikrobryggeri 600 liter i månaden. No er dei oppe i 10.000. Med stor auke i produksjonen, er det viktig å finna lokale som er store nok til å tåla vidare ekspansjon.

- Lokale må i alle fall vera 500 kvadratmeter stort. Me har ekspandering i bakhovudet. Det er ein omstendeleg prosess å flytta, så me ønskjer å slå oss til ro om dette vert realisert, seier Dalland.

Bryggjar på fulltid frå september

Det vert ein travel sommar for gjengen frå Lysefjorden. Dei hadde planlagt å koma til marknadsdagane, men måtte melda avbod, då tida og produksjonen ikkje strekkjer til. Dei skal blant anna laga BØLL-ølet til Bergen Ølfestival, og eit eige festivaløl til Tysnesfest. I mai tok Vinmonopolet på Os inn to typar sterkøl, og fire ulike variantar er no tilgjengelege i butikk.

- Det har vore ein vekst me aldri hadde våga å drøyma om ein gong. I september realiserer Rune Birkeland draumen sin om å bryggja øl på fulltid. Noko han må for at me skal kunna klara å produsera nok, seier Dalland.

Venegjengen frå Lysefjorden har bygd opp bedrifta på eiga hand, utan hjelp frå investorar.

- Me er utruleg stolte av å ha fått dette til. Me er ein samansveisa gjeng, noko eg trur er del av nøkkelen til suksessen, seier Dalland.