Ferjene er innstilte grunna vêret
Sambanda Halhjem - Våge, og Hatvik Venjaneset er innstilte inntil vidare.
I ei melding opplyser FosenNamsos Sjø at ferja mellom Hatvik og Venjaneset vert innstilt inntil vidare grunna vêrforholda i området.
Ny melding vil koma når sambandet er i gang igjen. Trykk pådenne linken for å følgja med på utviklinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Straumbrot i Øvredalen
Også på Halhjem er ferjetrafikken innstilt frå og med klokka 16.00 og utover grunna ekstremvêr.
Elles har det vore relativt stille så langt.
- Ferjesambandet er innstilt, og vi har fått meldingar om nokre lause skilt, fortel brannsjef Stein Gjøsund og held fram:
- Det har vore eit straumbrot i Øvredalen tidlegare i dag også. Vi ser så langt ut til å ha sleppt unna det verste vêret.