Tilsynelatande uskadd frå kollisjon med lyktestolpe

Ei kvinne i 30-åra kolliderte med ein lyktestolpe i bakken ned mot Hatvik ferjekai fredag ettermiddag, ifølgje operasjonsleiaren ved Hordaland Vest politidistrikt.

Det var like før klokka 17.00 at politiet fekk melding om trafikk-uhellet. Kvinna hadde mista kontroll på bilen på glatta og kolliderte med eib lyktestolpe i vegkanten. Bilen fekk relativt store skader, men kvinn kom etter det politiet forstår heldig frå det.

- Både politi og ambulanse er på staden. Etter det eg har fått melding om kom kvinna seg sjølv ut av bilen. Ho var på føttene og var i prat med ambulansepersonell like etter, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho nyttar no høvet til å åtvara andre bilistar som skal køyra same vegen.

- Bakken ned mot ferjekaien er glatt og det er mykje snødrev i lufta. Folk bør ta det med ro, seier Knappen.

Ho kunne elles melda om vedvarande kø-problem i samband med utfarten frå Bergen, men at det i Os-området ikkje var meldt om andre trafikale utfordringar i snøvêret.