Kjerst Tysse Plätzer vart teken imot som ein gullvinnar då ho returnerte frå Beijing-OL i 2008. Mykje tyder på at dei frammøtte i gymsalen på Søfteland skule heidra ho rett. Kjersti var etter alt å døma den rettmessige gullvinnaren.
Kjerst Tysse Plätzer vart teken imot som ein gullvinnar då ho returnerte frå Beijing-OL i 2008. Mykje tyder på at dei frammøtte i gymsalen på Søfteland skule heidra ho rett. Kjersti var etter alt å døma den rettmessige gullvinnaren.

Sølvjenta skulle hatt gullet

I 2008 sa Kjersti Tysse Plätzer at ho var best av «dei andre». Osingen hadde truleg rett, og skulle hatt gullet.

Den nye korrupsjonsskandalen i det internasjonale friidrettsforbundet breiar om seg som ringar i stilt vatn. Aller mest "bølgjer" det for russiske utøvarar.

- Opplysningane som kom fram i går forsterkar berre mistanken me har hatt. I mange år gjekk det rykte om at det russiske forbundet hadde betalt folk i det internasjonale friidrettsforbundet kring 1 million dollar for å verna om dei beste kappgjengarane slik at dei ikkje vart tekne i doping. No ser me at det var hald i desse rykta, seier Kjersti Tysse Plätzer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minst tre medaljar

Blant utøvarane det russiske forbundet ville hindra vart avslørt var mellom anna kappgjengarane Olga Kaninskina og Vladimir Kanyakin.

Førstnemnde vart tidlegare i år utestengd for dopingbruk og var i åra frå 2006 til 2008 framfor Kjersti Tysse Plätzer i tre store meisterskap. Dersom det no vert stadfesta at Olga Kaninskina var dopa desse åra, bør det få konsekvensar for Kjersti sine plasseringar.

- For det første er det jo OL-sølvet i i Bejing i 2008. Det var etter denne plasseringa eg nytta orda: "Eg var besta av dei andre". I dag er det mykje som talar for at eg eigentleg tok OL-gull den gongen. Men Kaninskina var også framfor meg i EM i 2006 og i VM i 2007. Begge gongane vart eg nummer fire, så reelt sett har eg altså også gjort meg fortent til å få ettersendt to bronsemedaljar, minst, legg ho til.

Kjersti håpar det norske friidrettsforbundet legg press på IAAF slik at ho og andre utøvarar no etter doping-avsløringane kan få sin rette medalje.
Kjersti håpar det norske friidrettsforbundet legg press på IAAF slik at ho og andre utøvarar no etter doping-avsløringane kan få sin rette medalje.

- Kvifor "minst"?

- Jo, for i 2007 var det ei russisk jente til framfor meg...humrar Kjersti og lét svaret hengja så me skjønar kva ho meiner.

Også bergensaren Trond Nymark kan visa seg å ha rett på ein medalje av gjævaste sort.

- Sergei Kirdjapin, som vann gull då Trond tok VM-sølvet i Berlin i 2009, er no avslørt som dopingmisbrukar. Mykje talar for at Kirdjapin juksa i 2009 også, seier Kjersti.

Bevis i seg sjølv

Om ho nokon gong får sitt rettmessige OL-gull og dei andre medaljane ho har gjort seg fortent til, er ho usikker på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter lova kan eg jo det. Dei kan gå inntil ti år tilbake i tid og endra resultata. Etter mi meining burde alle dei russiske utøvarane som har fått dopingprøvene sine sletta, vore fjerna frå resultatlistane ein gong for alle. Berre det faktum at prøvene deira er fjerna, eller øydelagt, burde vera nok bevis i seg sjølv, seier Kjersti.

Det er sterke bevis for at dopinglaboratoriet i Moskva, og deira direktør Grigorij Rodskjenkov, har tildekka mange positive dopingtestar. Rodsjenkov har til og med vedgått til WADA (Det internasjonale antidopingbyrået) at han har destruert 1.417 dopingprøvar for å sletta spor for etterforskarane.

Forventar støtte

Kjersti er spent på kva følgjer dei nye avsløringane får for Russland og deira utøvarar.

- Friidrettspresident i IAAF, Sebastian Coe, har sagt at dei må vurdera sterke sanksjonar, men i første rekkje ser dei på følgjer for Russland i tida framover. Her er utestenging av utøvarar og boikott av komande arrangement nemnd. Om avsløringane får tilbakeverkande kraft slik at eg og andre får medaljane me har gjort oss fortente til, er ei anna sak. Eg meiner jo sjølvsagt det, men her handlar det om bevis, bevis som ein i dag ikkje har ettersom at dei er øydelagde, sukkar Kjersti.

Ho forventar at det norske friidrettsforbundet følgjer opp denne saka og pressar på for at det internasjonale forbundet ivaretek alle utøvarane som har mista medaljar eller gode plasseringar grunna andre utøvarars juks.

- Norges Friidrettsforbund har plikt til å gjera sitt for at rettferdigheit skjer fyldes, konstaterer Kjersti.

Berre det faktum at prøvene deira er fjerna, eller øydelagt burde vera nok bevis i seg sjølv

Måndag la ei granskingsgruppe i det internasjonale antidopingbyrået (WADA) fram ein rapport som avdekkar omfattande korrupsjon i antidopingarbeidet i Russland.

Like før vart det også avsløyrt at den tidlegare friidrettspresidenten Lamine Diack er sikta og under etterforsking for korrupsjon. 82-åringen og hans rådgjevar Abil Cisse er mellom anna mistenkte for å ha teke imot pengar frå det russiske friidrettsforbundet for å skjula dopingmisbruk blant russiske utøvarar.