Vi i verda-arrangement med ein viktig bodskap
Måndag inviterte Eikelandsosen skule til internasjonalt arrangement - med ein viktig bodskap. Der gjorde også skulekoret si aller fyrste framvising.
- Vi er stolte av å ha representantar frå meir enn 12 nasjonar tilknytta skulen, anten som elevar, foreldre eller tilsette, seier rektor Kjersti Søvik.
I samband med internasjonale veker og FN-dag inviterte elevar og tilsette ved skulen både foreldre og besteforeldre til ei temaøkt med songar og program. Noko av målet var å løfta blikket utover Fusa og visa at ein er ein del av ein internasjonal fellesskap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klar oppmoding
5. trinn presenterte FN sin barnekonvensjon.
- Dei hadde laga flotte plakatar og hadde ein flott presentasjon for eit lydhøyrt publikum, skryter rektor Kjersti Søvik.
6. trinn fortalte om internasjonalt samarbeid, og om FN sine berekraftmål. Dette er 17 mål som alle dei 193 medlemslanda i FN er samde om å arbeida for. Måla skal vera innfridd i 2030.
- Elevane fortalte om måla, og om kva me kan gjera lokalt - for dette arbeidet er alle sitt ansvar, seier Søvik.
Ein av elevane siterte FN sin generalsekretær Ban Ki Moon som sa: Me kan vera den første generasjonen som utryddar fattigdom - og den siste generasjonen som har moglegheit til å stoppa klimaendringane.
Oppmodinga frå elevane til tilhøyrarane var klar: Få med dykk berekraftmåla anten ved å lesa plakatane eller på internett.
Syngjande skule
Eikelandsosen skule er ein av 31 skular på landsbasis og ein av berre fem i fylket som er såkalla "Syngjande skule". Ein syngjande skule forpliktar seg på at alle elevane får syngja minst ein gong kvar dag, og lærarane på skulen får kompetanseheving i emnet barn og song, og skulen har felles songsamling kvar veke.
Under det internasjonale arrangementet måndag debuterte skulekoret med si første framføring og inviterte publikum med på å syngja Morgendagens søsken og Sommerfuggel i vinterland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Maria L. Midtrød, som er nasjonal og lokal ressurslærar for "Syngjande skule", var musikalsk leiar.
Men det var ikkje berre elevane og publikum som song. Elevane vart svært overraska då også lærarane plutseleg drog i gang ein lærarkor-song!
Som avslutning på arrangementet song elevane på skulen Vi-songen: Vi er barn frå forskjellige land, som står saman og viser vi kan - skape samhald om vi bare vil! Ingen grenser for kva vi får til!
- Songen runga i mediateket. Dette gir tru på framtida, smiler Søvik, om