Stengjer Lyseklostervegen
Lyseklostervegen blir stengd for all trafikk komande helg.
- Årsaka er støyp av bruflata på fylkesveganlegget i Endalausmarka, som her kryssar Lyseklostervegen med ny betongbru. Den nye fylkesvegen inngår i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal. Statens vegvesen har ikkje høve til å sleppa trafikk forbi under brustøyp og herding av betongen, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen, Geir Brekke.
Brekke fortel at vegen blir stengt i helga for å kunna gjennomføre brustøypen sikrast mogleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Helgestenging vil òg redusera hindringar for trafikken. I påvente av nye E39 Svegatjørn-Rådal er Lyseklostervegen nytta av dagpendlarar mellom delar av Os og Bergen, samt skulebussar, påpeikar Brekke.
Det er omkøyring i aust om E39 og i vest via kommunal veg og fv. 163 langs Lysefjorden.
Årsaka til at det blir bygd bru her er i følgje Brekke særleg av omsyn til raudlista augestikkarar i terrenget kring Sjøbøelva i Endalausmarka.