11. oktober er det 150 år sidan den norske forfattaren Hans E. Kinck vart fødd. Måleriet er laga av Harald Brun i 1908.
11. oktober er det 150 år sidan den norske forfattaren Hans E. Kinck vart fødd. Måleriet er laga av Harald Brun i 1908.

Kinck fram i lyset

I morgon sundag er det 150 år sidan forfattaren, Hans E. Kinck vart fødd. Jubileet vert markert i Fusa folkebibliotek fire dagar seinare.

15. oktober er forfattarskapen til Kinck tema i Torsdagsakademiet i biblioteket. Johan Storm Munch frå Kinck-tunet i Strandebarm kjem for å fortelja om forfattaren og filologen.

- Jubileet har vore markert på ulikt vis gjennom året. Mest synleg har det nok vore i Kvam, der Hans E. Kinck oppheldt seg store delar av oppveksten, skriv kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor novellist

Kinck vart fødd i Øksfjord i Finnmark. Familien budde også ei tid i Setesdal før han som 11-åring flytta til Strandebarm.

- Oppveksten i tre ulike landsdelar fekk mykje å seia for forfattarskapen til Kinck, går det fram av pressemeldinga.

I 1892 gav han ut debutromanen, «Huldren». Året etter kom «Ungt folk». Kinck ragar høgt både som romanforfattar, dramatikar og essayist, men størst merksemd har forfattaren fått for novellene sine. Gjennombrotet kom med novellesamlinga «Flaggermusvinger» i 1895.

- Novellesamlinga representerte noko heilt nytt i norske diktarkrinsar og som novellist er han blant dei største i Norden, skriv Vangsnes i pressemeldinga.

Gløymt av ettertida

Trass i at Kinck hadde ein stor produksjon, og vart nominert til nobelprisen i litteratur, har han vorte gløymt av mange i ettertida.

- Ein kan vona at jubileumsåret vil hjelpa mannen og verka hans fram i lyset att, skriv Vangsnes.

Munch, som eig tunet der far til Kinck, distriktslege Otto Theodor Kinck, hadde praksisen sin, skal kåsera om forfattaren, samt lesa smakebitar frå bøkene hans.

Munch står bak Kinck-dagane i Strandebarm som har vorte arrangerte sidan 1988.

Artikkelen held fram under annonsen.

13. oktober 1926 døydde Kinck, 61 år gamal. Same året kom novella «Mot ballade» og novellesamlinga «Foraaret i Mikropolis» ut.

Også etter sin død har forfattaren vorte publisert. Den førebels siste boka kom i 1951 og heiter «Sagaenes ånd og skikkelser».