E39: Ingenting sikkert, ingenting avklart
Det var mange frammøtte då Vegvesenet hadde innkalla til nytt møte i Oseana om E39. Dei av oss som hadde sett fram til mykje ny informasjon om prosjektet gjekk diverre heimatt utan svar på spørsmåla våre, skriv Knut I. Børgesen (MDG).
LESARBREV: Me fekk på ny høyra om prestisjeprosjektet med ei gigantbru som skal bli den lengste i verda. Elles er mykje usikkert. Er det ei endeforankra eller sideforankra flytebru eller ei hengebru som skal planleggast? Finst det naudsynt teknologi eller må ny utviklast? Vil store ras kunna skada forankringa på fjordbotnen? Kva med eventuelle kollisjonar med større båtar?
Vegvesenet svara optimistisk på at alt dette vil gå bra, utan at dei framstod særleg overtydande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flytta Kuventræ?
Korleis og kvar ilandføringa i Søre Øyane blir, og om Kobbavågen blir øydelagd, fekk me heller ikkje svar på. Me fekk høyra at Vegvesenet vil gå inn for alternativet med tunnel under øyane til Moberg eller Svegatjørn. Korleis dette vil verka inn på busetnaden i områda, kan ingen svara på.
Og av avbøtande tiltak blei nemnt at ein kunne flytta eventuelle idrettsanlegg og anna som kjem i konflikt med vegen. Kanskje me må flytta Kuventræ om nokre år?
Kostnadane er framleis ikkje sikre, men har stige frå 27 milliardar til mellom 43 og 49 milliardar på kort tid.
Dyrt og dårleg fundert
Det einaste prosjektleiar Signe Eikenes hadde stor tiltru til, var tal for samfunnsnytte. Heller ikkje dette framstod særleg overtydande. Ho viste til at nytteverdien er rekna til ein stad mellom 5,4 milliardar negativ nytte og 3 milliardar positiv nytte over 30 år, og dette skulle visst bevisa at det er eit godt prosjekt for Noreg, utan at det vart særleg klart korleis.
Ho kunne heller ikkje svara på kva nytta ville bli med bompengar, uansett storleik, og ho kunne heller ikkje svara på kor mykje mindre trafikk enn den planlagte femdoblinga prosjektet kunne tåla og framleis vera lønsamt.
Det gode med vegmøtet i Oseana var at det så tydeleg viste kor dyrt og dårleg fundert dette prosjektet er, og kvifor det etter kvart vil få mindre og mindre politisk støtte. Det er andre oppgåver i vegsektoren der me har mykje meir behov for løysingar enn ferjefri E39. Prislappen på meir enn 40 milliardar er meir enn nok til å realisera mange av dei langt viktigare vegprosjekta i Hordaland, og vedlikehaldsetterslepet på 7,2 milliardar i Hordaland aleine kunne takast igjen på rekordtid. Dét burde vera ein meir freistande rekord enn verdas lengste flytebru!
Knut I. Børgesen
3. kandidat til Stortinget
Artikkelen held fram under annonsen.
Miljøpartiet Dei Grøne