Ein bil køyrde inn i ein annan bil søndag kveld. Årsaka skal vera svært glatt veg.
Ein bil køyrde inn i ein annan bil søndag kveld. Årsaka skal vera svært glatt veg.

Slapp frå samanstøyten utan skade

Tre personar var involverte då to bilar kolliderte på strekket mellom Helland og Eikelandsosen søndag kveld.

– Klokka 23.30 fekk vi melding om trafikkulukka. Det var påkøyrsel bakfrå. Det var utruleg glatt. Den fremste bilen mista festet, og bilen bak klarte ikkje stoppa heller – og køyrde rett inn i bilen framfor, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

Vidare opplyser politiet at det var tre personar involverte i ulukka, og at dei slapp frå det utan skader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var utruleg glatt på staden. Vi tilkalla strøbil, seier Svendsen og legg til:

– Det er viktig at ein passar på når ein køyrer bil når temperaturen er slik som no. Det er gjerne ikkje minusgrader, men det kan vera glatt likevel.

Røyking av kjøt

Laurdag føremiddag kom det inn melding om røykutvikling i eit hus i Holmefjord-området.

– Meldinga kom inn til brannvesenet klokka tolv. Det førte til utrykking. Det viste seg å ikkje vera brann på staden, men huseigar heldt på å røyka noko kjøt, seier Svendsen.