Det er stille og roleg i Oselvo onsdag kveld. Torsdag er det venta at vassmasane aukar monaleg og tek seg innover land.
Det er stille og roleg i Oselvo onsdag kveld. Torsdag er det venta at vassmasane aukar monaleg og tek seg innover land.

Brannvesenet følgjer nøye med

Det er varsla stormflo, og det er venta at vatnet er på det høgaste punktet torsdag føremiddag. Brannvesenet kjem til å vera på plass i sentrum for å følgja med.

- Mannskapet i sentrum vil vurdera om det er behov for bistand frå brannvesenet, seier brannsjef, Stein Gjøsund.

Storm i havet pressar vassmassane mot land

- Kvar er det mest kritiske punktet i Os?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ved oppsida av brua. Det er det lågaste punktet. Der kan vatnet gå inn i parkeringskjellaren. Tidlegare var det eit stort problem då det stod ein transformator der. Vi har kvar gong det har blitt varsla stormflo vore på plass for å pumpa ut vatn. No er denne transformatoren flytta éin etasje opp, så det er ikkje samfunnskritisk med tanke på straumbrot.

Storm ute i havet pressar vassmassane inn mot land. Kombinert med mykje nedbør, får ein stormflo.

- Vi har fått nokre slike varsel frå Fylkesmannen. Ingen har slått til for fullt, men eg hugsar for ti-tolv år sidan. Då stod vatnet nesten heilt inn til der Posten hadde lokale (lokalet som Aktiv365 held til i dag journ.mrk.). Det finst eit foto frå Os & Fusaposten frå den gongen som er veldig illustrerande, seier Gjøsund.

Her er biletet fsom Stein Gjøsund nemner. Dette er skjermdump frå framsida av Os & Fusaposten medio januar 2005.
Her er biletet fsom Stein Gjøsund nemner. Dette er skjermdump frå framsida av Os & Fusaposten medio januar 2005.
Brannsjef Stein Gjøsund oppmodar nausteigarar og dei som bur tett på sjøen om å sikra verdifulle gjenstandar. - Flytt dei opp i høgda, seier han.
Brannsjef Stein Gjøsund oppmodar nausteigarar og dei som bur tett på sjøen om å sikra verdifulle gjenstandar. - Flytt dei opp i høgda, seier han.

Tips til nausteigarar

Brannsjefen fortel at Os kommune er klare til å bistå, og at ein må kontakta brannvesenet om ein treng hjelp. Om det skulle vera 20 personar som treng hjelp på same tid, har sjølvsagt brannvesenet ikkje kapasitet til å hjelpa alle samstundes. Då blir det gjort ein vurdering av kor det er mest kritisk.

- Då må ein sjølv prøva å sikra eigedelane sine, og prøva å demma opp for vatnet, seier Gjøsund og legg til:

- Eit godt tips til dei som har naust eller bur tett på sjøen, er å flytta verdifulle gjenstandar opp i høgda.