Knuseklar for kamp igjen
Etter to vekers pause er Os A-lag knuseklar for heimekamp i morgon.
Dei gul-svarte vann 4-3 over NHH i siste seriekamp før pausen. I morgon er det endeleg klart for kamp igjen, denne gong heime mot nabo i sør, Austevoll.
– Me slo dei komfortabelt 4-0 i kvaliken til NM tidlegare i vår, så me bør ha taket på dei, seier høgreback Endre Brenne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minnar likevel om at ein aldri kan innkassera poenga før kamp.
– Me må prestera for å vinna, men det trur eg me gjer. Gutane er veldig gira på å spela igjen, seier han.
Utan Mats Cato
Mats Cato Moldskred fekk seg ein strekk mot NHH. Den held han ute i endå ei veke eller to. Heller ikkje Frode Storebø eller Vegard Skeie blir klar til denne kampen.
– Me skal uansett stilla eit godt lag – eit lag som er godt nok til å slå Austevoll. Ingenting anna enn siger er godt nok, seier Brenne.
Han har sjølv teikna seg for tre nettkjenningar denne sesongen. Målet er 10.
– Eg må nesten skåra i morgon for å halda skjemaet, smiler backen.
Før morgondagens kamp ligg Os på andreplass på tabellen med 15 poeng. Austevoll er på 10. plass med fattige fire poeng.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no