Geir Amundsen veit ikkje om alt anleggsutstyret vert flytta bort til Marknadsdagane-opninga, men lover at dei skal gjera alt dei kan for å laga fine handlegarar i Os sentrum frå torsdag til laurdag uansett.
Geir Amundsen veit ikkje om alt anleggsutstyret vert flytta bort til Marknadsdagane-opninga, men lover at dei skal gjera alt dei kan for å laga fine handlegarar i Os sentrum frå torsdag til laurdag uansett.

Lovar oversiktleg og flott marknad

Gravearbeidet i samband med opprustinga av Bydraget, vil i følgje Geir Amundsen ikkje bli noko problem for Marknadsdagane.

- Eg er ein type som prøver å sjå løysingar, ikkje problem. Me skal leggja til rette for nokre flotte marknadsdagar, sjølv om det i desse dagar pågår litt arbeid i sentrum, seier leiar i Sentrumsforeninga, Geir Amundsen.

Sjølve gravearbeidet med opprustinga av Bydraget vil bli sett på vent frå og med onsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marknadsdagane opnar komande torsdag og varer som vanleg til og med laurdag ettermiddag. Godt over 40 utstillarar har meldt sin ankomst.

- Det er me godt nøgde med. Normalt har me ein plass mellom 30 og 40. I år ser det altså ut til å bli litt fleire, seier Amundsen.

Flyttar scenen til torget

I fjor hadde dei plassert underhaldningsscenen inst i hjørnet av Telthusplassen. I år vert heile dette området sett av til matbuer. Scena vert plassert midt på torget.

Hos Kreative Sjeler Hobbystue vert det ope hus med strikke- og lappeteppekurs under Marknadsdagane. Irene Stolt Larsen håpar jobben med å kle desse modellane, også vil lokka mannfolk innom lokalet.
Hos Kreative Sjeler Hobbystue vert det ope hus med strikke- og lappeteppekurs under Marknadsdagane. Irene Stolt Larsen håpar jobben med å kle desse modellane, også vil lokka mannfolk innom lokalet.

- Det trur eg er ein strategisk plass å ha ho. Det er sentrums naturlege navle og der vil folk til ei kvar tid få med seg når det dukkar opp nye innslag, seier Amundsen.

På programmet for underhaldningsscena står brasiliansk dans frå Gregory Smiths «Children At Risk Foundation», moteoppvising av og med dei lokale klesbutikkane i sentrum, og musikalsk innslag av Os Spellemannslag.

Bilutstilling og aktivitetar

Blant dei over 40 utstillarane finn me fleire innan mat, kosthald og næring og to store bilutstillingar.

- Möller bil har vore på plass alle dei siste åra. På torsdag kjem dei med ti bilar. Også Citroën vil ha eiga utstilling med 4-5 bilar, fortel leiaren i sentrumsforeininga.

Dessutan vert det fleire innslag av aktivitetstilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har nokre kreative osingar som kjem med sine prosjekt. Mellom anna ein kar som har med seg sånne store sumo-drakter, som folk kan ta på seg og leikeslåst med. Ein anna lokal kar vil visa fram eit nytt, japansk leikety, som han også vil selja på standen sin, fortel Amundsen.

Handarbeidkurs

Hos Kreative Sjeler Hobbystue vert det ope hus under marknadsdagane. Irene Stolt Larsen lovar god stemning og plass til alle som vil stikka innom.

- Om torsdagane er me ein del som sit her, men me har rikeleg med plass i lokalet vårt. Her skal me finna noko å gjera for alle som kjem, seier ho.

Nytt av året er at dei skal ha både strikke- og lappeteppekurs.

- Dessutan har me nokre flotte modellkroppar som me kan prøva kleda på. Den jobben kan kanskje lokka mannfolka i bygda også, skjemtar Stolt Larsen.

Tivoliet på plass

Same dag som Marknadsdagane opner kjem også Skandinavisk Tivolipark med sitt største tivoli. Tivoliet blir å finna på grusbanen ved Os ungdomsskule.