Hans Martin Austestad har sagt ja til å vera med på ein konsertdugnad for folk i Syria.
Hans Martin Austestad har sagt ja til å vera med på ein konsertdugnad for folk i Syria.

Held solidaritetskonsert for Syria

Søndag 31. januar arrangerer «Kultur for integrering» i Fusa ein solidaritetskonsert til inntekt for det humanitære hjelpearbeidet i Syria.

Eikelandsfjorden samfunnshus er arena for konserten, og på plakaten står sterke Fusa-artistar som Haavard Skaatun og Hans Martin Austestad, skriv kulturleiar Erik Vangsnes i ei pressemelding.

I tillegg stiller damekoret Kor(t)pusten og den syriske musikaren Manar Alhashemi (busett i Os) opp for å støtta tiltaket. Vangsnes skriv at det kan koma endå fleire namn på artistlista før konserten i slutten av januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste tida har det kome mange sterke bilete som syner svolt og store lidingar for folk som bur i Syria. Dette vedkjem også Fusa-samfunnet, som har teke imot fleire flyktningar frå Syria siste året.

I tillegg til inntektene frå konserten, vil også alt som kjem inn på sal av mat og drikke under konserten gå til same føremål.

Arrangøren «Kultur for integrering» er eit samarbeidsprosjekt mellom Fusa kommune og Fusa frivilligsentral i samarbeid med lokale organisasjonar.

Haavard Skaatun frå Vinnes er ein av fleire artistar som stiller opp på solidaritetskonserten i Eikelandsfjorden samfunnshus 31. januar.
Haavard Skaatun frå Vinnes er ein av fleire artistar som stiller opp på solidaritetskonserten i Eikelandsfjorden samfunnshus 31. januar.