Trur på ein morosam og spanande sesong
Det nærmar seg ny sesong for volleyballaga. I helga gjekk den årlege opningsturneringa av stabelen, og Søre Neset-trenar Morten Asphaug er godt nøgd med det spelarane presterte.
Benjamin Søgnen Olsen
Benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Søre Neset mønstrar to lag til seriespel i år. Dei to laga fekk prøvt seg mot lag frå same nivå, og sterkare motstand i helga.
Vann mot naboane
Søre Neset 1 hamna i gruppe med naboane frå Strandvik, og Rossvoll.
- Me vann første kamp mot Strandvik. Dei har eit ungt og sspanande lag, og det var ein viktig siger mot naboane våre, seier Asphaug.
Tok seg til A-sluttspelet
Rossvoll slo også Strandvik, noko som gjorde at Søre Neset var sikra B-sluttspel og kunne senka skuldrene litt. I kampen mot Rossvoll stod Søre Neset for sitt beste sett med Asphaug som trenar. I tillegg vann dei kampen og tok seg til A-sluttspelet.
- Rossvoll har eit av landets beste juniorlag, og etter mi meinnig, ein av noregs beste trenarar i vår gode ven Eilev Nyland, seier Asphaug.
5. plass i A-sluttspelet
I kvartfinalen viste Søre Neset at dei vert eit lag å rekna med i 3. divisjon i år, men 1. divisjonsklubben KFUM Volda vart for sterke.
- Me var nære på å vinna det første settet, men i det andre settet var divisjonsforskjellen tydeleg. Me fekk i alle fall vist at Søre Neset er sterk i år, eit lag samtlege i vår divisjon skal frykta, seier Asphaug
Grunna sprengd kapasitet i hallen vart det ikkje fleire kampar. Søre Neset tok delt 5. plass saman med dei andre kvartfinale-taparane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Imponerande debut
Søre Neset 2 hamna i ei tøff gruppe med Askøy og Sotra.
- Askøy er eit sterkt 2. divisjonslag, medan Sotra rykte ned i fjor, seier Asphaug.
Det blei to tap i gruppespelet, men Asphaug meiner dei kan vera nøgde med prestasjonen.
- Det var ein imponerande debut av dette ferske laget. Sjølv om det blei tap mot Sotra, så klarte me å ta eitt sett. Dei spelte med stor iver, seier Asphaug, som legg til at det var juniortrenar Morten Erikssen som følgde andrelaget i helga, då han sjølv var oppteken med førstelaget.
Trur på gull og opprykk
Grunna stor påmelding vart det mykje rot i hallen, og kvartfinalen i C-sluttspelet gjekk ikkje av stabelen før seks timer etter siste gruppespelkamp. I den kampen møtte dei Hordvik, som Søre Neset skal tevla mot i 3. divisjon.
- Me var veldig nære siger, og tapte berre 22-25 og 25-27. Dermed blei det bronsefinale mot Gneist Rubin, seier Asphaug, som tok over lagleiinga i den kampen.
- Endeleg fekk jentene sin første siger, med 2-1 i sett, seier han.
Asphaug har sett mykje positivt i løpet av helga, og trur på mange underhaldande kampar denne sesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er veldig optimistiske. Andrelaget kan overraska mange lag, og førstelaget skal ha god sjans til å nå målet om gull og opprykk, seier han.