Konfliktane står i kø for vestkantfrua Lillemor og arbeidarklassekvinna Maggi, når dei ender på same rom på Mosedotten Sykehjem i framsyninga Gamle damer er vond og vende.
Konfliktane står i kø for vestkantfrua Lillemor og arbeidarklassekvinna Maggi, når dei ender på same rom på Mosedotten Sykehjem i framsyninga Gamle damer er vond og vende.

Til Oseana med gamliskomikk

Kva som kanskje kan skje når to vilt forskjellige eldre damer må dela rom på sjukeheimen, er tema når Brit Elisabeth Haagensli og Anne Marie Ottersen vitjar Oseana neste laurdag.

Åsa Nord

Artikkelen held fram under annonsen.

asa.nord@osogfusa.no

Dei to damene er for nestorar å rekna innan norsk teater- og humorscene. Mange vil hugsa dei frå TV-komedien Fredrikssons Fabrikk frå tidleg 90-tal, der dei spelte saman.

No har dei slått seg saman og laga komedien «Gammel dame er vond å vende», om eit tema mange har eit forhold til.

Brit Elisabeth Haagensli og Anne Marie Ottesen håpar på høg stemning når dei tek turen innom Oseana under sin komande noregsturne.
Brit Elisabeth Haagensli og Anne Marie Ottesen håpar på høg stemning når dei tek turen innom Oseana under sin komande noregsturne.
Ein kan venta seg full rulle når desse galne damene inntek Oseana neste laurdag.
Ein kan venta seg full rulle når desse galne damene inntek Oseana neste laurdag.

- Når vi har stått på scenen, har vi fleire gonger opplevd at nokon i salen seier "ja", fordi dei kjenner seg igjen i det vi gjer eller seier. Det er herleg med slik spontan respons, seier Brit Elisabeth Haagensli i følgje pressemeldinga.

Konflikt og dramatikk

Framsyninga handlar om den fine vestkantfrua Lillemor (Anne Marie Ottersen) og alle dei ville situasjonane som oppstår når ho møter den typiske arbeidarklassekvinna Maggi (Brit Elisabeth Haagensli), på Mosedotten Sykehjem.

For når dei to rake motsetningane blir plasserte på same rom blir det tidvis heitt under taket. Samtidig skal det også visa seg at ein kan finna trøst i felles skjebne. For sjølv om dei to går kvarandre på nervane, så rottar dei seg også saman i kamp mot den fæle sjukeheimsmaten.

Etter kvart viser det seg at dei også deler interessa for herremannen Georg, som flyttar inn på avdelinga, og til alt overmål er Lillemor sin gamlekjærast. Her er det med andre ord duka for konflikt og dramatikk av både det eine og andre slaget, og med det - grunnlag for ellevill komikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på god respons

Oseana er ein av 23 spelestader som står for tur når dei to damene no legg ut på noregsturné. Premieren er lagt til Logen Teater i Bergen, deretter går ferda vidare til Os

- Vi hadde ein fantastisk turnéperiode i fjor haust, Latteren sat laust, og folk møtte oss med blide fjes. Vi ser verkeleg frem mot å reisa ut på turné igjen, og håpar på like god respons no, uttaler Brit Elisabeth Haagensli og Anne Marie Ottersen gjennom si pressemelding.

Spesielt gode minne har dei frå Ibsenhuset i Skien, der nærare 900 publikumarar tok turen. Dei to fortel om vill jubel og respons.

- Vi følte oss som rockestjerner, uttaler Ottersen i pressemeldinga.

I tillegg til å underhalda og spreia glede med framsyninga, ønskjer dei to å setja fokus på korleis eldre blir behandla.