Dagens plassering av godsterminalen på ei av dei mest sentrale tomtene i Bergen sentrum, er lite ideell i eit byutviklingsperspektiv.
Dagens plassering av godsterminalen på ei av dei mest sentrale tomtene i Bergen sentrum, er lite ideell i eit byutviklingsperspektiv.

Godsterminal 5 minutt unna Lyseparken?

Rådalen seglar opp som ein av to favorittar til plassering av ny godsterminal i bergensregionen. Det kan få positive ringverknader for Os.

Tysdag la jernbaneverket fram ei todelt tilråding for plassering av ny godsterminal - enten i Rådalen eller på Unneland i Arna. Dagens plassering, like ved bystasjonen, er ikkje spesielt god både med tanke på kapasitet og på byutvikling.

Endelausmarka på agendaen att

Opprinneleg hadde Jernbaneverket 13 alternative tomter for plassering av ny godsterminal i bergensområdet. Endelausmarka var ei av desse, men vart ganske raskt skrinlagt då det var langt frå Bergen sentrum og eit ganske dyrt alternativ. Men dersom Rådalen vert det endelege valet, kan det likevel få positive konsekvensar for utviklinga av Endelausmarka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I utgangspunktet tenkjer eg at det er veldig gunstig. Det er ein god del verksemder som vil kasta sine augo på Lyseparken når det er så nært til ein godsterminal, seier ordførar Terje Søviknes.

Produksjon og varehandel

- Kva type verksemder har nytte av ein godsterminal like i nabolaget?

- Dei aller fleste som driv med varehandel vil ha det, all eksportretta verksemd og industri. Me vonar jo at kompetanseverksemder vil etablera seg i Lyseparken, og dei har i liten grad slike behov. Samtidig ser me at det er mykje ledig bygningsmasse for kontor og kompetanseverksemder rundt om i bergensområdet.

- Det kan tvinga fram endringar i Lyseparken?

- Ja, og det samsvarer med studiar Business Region Bergen har lagt fram. Dess lenger vekk frå Bergen sentrum ein kjem, dess større del lager, logistikk og industri vert det i samansetjinga av næringar, seier Søviknes.

Fordelar og ulemper

Men det er altså ein del som gjenstår før regjeringa er klare for å fatta det endelege valet av tomt. Arna-alternativet har sine fordelar. Det ligg nærare den eksisterande jernbanen og er billegare enn Rådalen-alternativet. Rådalen er på si side meir sentralt i forhold til Flesland og den nye motorvegen.

- Mykje av næringslivet i bergensregionen held til i Bergen sør og Bergen vest. Så Rådalen er sentralt for næringslivet. Arna-alternativet har dessutan større konfliktpotensiale i forhold til natur og landbruk, seier Søviknes.

- Vil det bli bygt jernbane fram til Rådalen dersom dette vil bli valt?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er noko av det som må avgjerast i den vidare prosessen. Men for godstransport er det vanleg å lasta om frå bil til bane, og vice versa.

Ein ny godsterminal vil truleg kosta mellom 8 og 11 milliardar kroner.