Fekk kjempekontrakt - utvidar drifta
Strandvik Transport og Maskin har sikra seg 9 års køyring for BIR. No utvidar dei bemanninga og talet på lastebilar.
Strandvik Transport og Maskin vart stifta i 1986. I starten dreiv Olav Vik og kona Ingeborg det meste sjølv. I dag tel bedrifta 16 tilsette.
- Det går veldig bra. Når me no fekk avtalen med Retura utvidar me med to stillingar til, slik at me vert 18 tilsette. I tillegg kjøper me inn tre nye lastebilar, og står dermed med ein park på 13 lastebilar, fortel Olav Vik.
Artikkelen held fram under annonsen.
I dag driv han Strandvik Transport og Maskin i lag med sonen Jan Magnus, som i hovudsak har ansvaret for transport-avdelinga.
Gjev tryggleik
Firmaet i Strandvik tilbyr fleire tenester, men lever i hovudsak av å leiga ut containarar, og å køyra bort avfall i desse.
- Me sel pukk og singel, og gjer også ein del vanleg transportarbeid, men dei seinare åra har me meir og meir pensa oss over mot kort- og langtidsutleige av containarar til bedrifter og private, seier Vik.
Avtalen dei no har fått i hamn, sikrar dei godt med arbeid i 9 år framover.
- Eigentleg er det Retura Vest som har hanka inn denne gode avtalen, men ettersom me køyrer for dei, er det like gledeleg for oss. Kort fortalt går avtalen ut på at Retura Vest og dei som køyrer for dei skal ta seg av alle containar-leveringar og henting hjå BIRs 11 stasjonar i Hordaland, fortel Vik.
Han er sjølvsagt glad for det langvarige oppdraget.
- Avtalen trer i kraft 1. januar 2016 og gjeld i ni år. Det same er vår avtale med Retura Vest. Det er klart det er ein tryggleik for oss å vita at me har desse oppdraga i så lang tid framover, seier Vik.
8-9 stasjonar
Den daglege leiaren i Strandvik Transport og Maskin ser føre seg at sjåførane hans vil ta container-køyringa på 8-9 av BIRs 11 stasjonar i Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det vert ein omfattande jobb, men me er svært glade for å ha fått oppdraget, seier Vik.