Aukande gjeld i Os
Det eg har lært i livet er at all gjeld skal betalast tilbake, og oftast med renter. Dette gjeld òg kommunen si gjeld, vår fellesgjeld, for det er nettopp det det er, skriv Helge Steinum (Ap).
LESARBREV: Før kommunevalet i 2011 gjekk noværande gruppeleiar i Os Arbeidarparti ut med ei bekymring for den aukande gjelda i Os. Den gongen var gjelda på vel 900 millionar kroner, medan den no har passert 1,2 milliarder kroner. Dette gjer at Os plasserer seg høgt over snittet både i Hordaland og i landet.
Me skal alle vera med og betala tilbake denne gjelda, noko som anten vil føra til høgare kommunale avgifter eller dårlegare kommunale tenester. Me har nemleg allereie kutta meir en godt er når det gjeld bemanning både innan skule, administrasjon og i eldreomsorg.
Artikkelen held fram under annonsen.
På kommunestyremøtet i desember foreslo Os Arbeidarparti ein slags "handlingsregel", ein regel som skulle syna kor mykje gjeld kommunen kunne ha i forhold til det årlege budsjettet. Dette ville ikkje Høgre og Frp vera med på.
Fylkesmannen skriv blant anna om budsjettet til Os:
"Gjeldsauken er også høg i åra som kjem. Låneopptaket er fire gonger større enn avdraga i 2015 og 2016. Å balansere drifta i framtida, med aukande finansutgifter, blir derfor ei utfordring - sjølv med dagens rentenivå."
Dette seier meg at me må ta den aukande gjelda på alvor og vise ordentleg handlekraft for kommunen og innbyggjarane våre. Me må ta styring på økonomien før det er for seint. Det er både noverande og framtidige generasjonar sine verdiar me forvaltar.
Netto lånegjeld i kroner per innbyggjar:
På landsbasis: 40.638,-
I Hordaland: 47708,-
I Os: 67135,-
Artikkelen held fram under annonsen.
Helge Steinum
Ordførarkandidat Ap