Her er dei første skissene av korleis Jordmorsvingen kan sjå ut etter utbygginga.
Her er dei første skissene av korleis Jordmorsvingen kan sjå ut etter utbygginga.

Vil reisa 6-etasjars bygg ved inngangsporten til sentrum

Eigarane av Jordmorsvingen 4 går med tankar om å byggja næring/bustadblokk.

Bjoarvik Trafikkskole og Bygg og Bo Os eig begge 50 prosent av bygget som i dag står på tomta i Jordmordsvingen 4. Selskapa bruker i dag delar av lokala sjølve, og resten vert leigd ut. Arne Bjoarvik fortel at dei er veldig tidleg i prosessen med å realisera planane, og at han ikkje forventar at det vil skje noko før om tidlegast 4-5 år.

- Me ser langt fram i tid. Det er så langt fram i tid at me nok kjem til å teikna nye kontraktar med leigetakarane. Førebels har me berre hatt eit formøte med kommunen og arkitektar. Saka skal vidare i plan- og bygningsutvalet, så prosessen er i gang, men det er langt i igjen, seier Bjoarvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dialog med Os Næringspark

Om dei får realisert planane, vil eigarane etter alle solemerke selja seg ut.

- Prosjektet vert såpass stort at me er litt bekymra for at me er for små til å takla det. Per no heller me difor mot eit sal, seier Bjoarvik.

På formøtet fekk Bjoarvik, og eigar av Bygg og Bo Os, Per Moberg, verdifulle innspel frå kommunen. Tilstades var også arkitektane, som no jobbar med forslag til fullstendige teikningar.

Slik ser bygget ut i dag.
Slik ser bygget ut i dag.
Bjoarvik Trafikkskole eig 50 prosent av bygget som i dag står på tomta. Arne Bjoarvik fortel at dei, og Per Moberg i Bygg og Bo AS, ser føre seg å selja bygget om dei får gjennomslag for planane. (Arkiv
Bjoarvik Trafikkskole eig 50 prosent av bygget som i dag står på tomta. Arne Bjoarvik fortel at dei, og Per Moberg i Bygg og Bo AS, ser føre seg å selja bygget om dei får gjennomslag for planane. (Arkiv

- Me har også vore i kontakt med eigarane av Os Næringspark, som også går med tankar om å byggja ut. Dette fordi at me begge ligg ved inngangsporten til Os sentrum. Då bør me nesten velja litt same stil, slik at det ikkje vert fullstendig "kræsj", seier Bjoarvik.

Nye bustader og næringslokale

Første etasje er tenkt som næringslokale, medan andre etasje er tenkt som næringslokale/bustader.

- Resten av etasjane skal vera utelukkande bustader. I kjellaren skal det vera garasje, seier Bjoarvik.

I formøtet kom kommunen med innspel om at dei ser føre seg eit bygg med bypreg.

- Det var også nyttig for arkitektane å høyra kor store delar av tomta som skal nyttast til uteareal. Me kan ikkje byggja på heile tomta. Det skal også vera plass til park/grøne område, seier Bjoarvik.