Koseleg førjuls-baking. Her er Arild Tveit saman med dottera Vilde og ei veninne.
Koseleg førjuls-baking. Her er Arild Tveit saman med dottera Vilde og ei veninne.

Arild Tveits jul: Heimelaga fårerull og snop frå nissen

Heimelaga fårerull, strømpe på senga med snop frå nissen, og å henta juletre på Baldersheim er nokre av tradisjonane til familien Tveit.

Det er over ti år sidan mannen med bergensrøysta busette seg på Baldersheim saman med familien, og overtok bestemoras hus. Der har dei sine faste juletradisjonar, som Tveit har med seg frå barndomen.

- Eg feira mine første 16 julaftnar saman med mormor og morfar på Baldersheim. Slik er det blitt ein tradisjon med juletre frå Baldersheim. Heimelaga fårerull og strømpe på senga er to andre tradisjonar, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har du fått nye juletradisjonar i vaksen alder?

- Eg meiner tradisjon er å gjera det sama om att kvar jul. Eg har ikkje fått nokre nye tradisjonar etter at eg blei vaksen, seier Tveit.

Det viktigaste med jula

Heime hos kokken er det pinnekjøt med kålrabistappe på menyen, med riskrem og bringebærsaus til dessert. Så ventar sjølvsagt pakkeopning.

Då me vitja Arild Tveit i fjor, diska han opp med velsmakande baguetter frå kjøkenet i kjellaren. Men på julaftan er menyen sjølvsagt endå sprekare.
Då me vitja Arild Tveit i fjor, diska han opp med velsmakande baguetter frå kjøkenet i kjellaren. Men på julaftan er menyen sjølvsagt endå sprekare.

- Kva er den beste gåva du har fått, og kva er den beste du har gitt vekk?

- Eg har fått mange flotte gåver, og det er alltid kjekt å gje gåver. Det betyr ikkje så mykje kva som skjuler seg bak papiret. Det viktigaste med jula er å bli hugsa på, og å hugsa andre, seier Tveit.

Dei beste minna

Jul skal feirast i Noreg, meiner Tveit, som aldri kunne sett føre seg å feira jul i Syden. Likevel er det ikkje så viktig med snø.

- Snø-laus jul plagar meg ikkje særleg. Snøen kan ein oppsøkja i fjellet, seier Tveit.

- Kor plar du feira jul?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har feira mange ulike plassar, men alltid saman med familien. I år skal me til Askøy til svigerforeldra mine.

Framleis redd nissen

Dei første 16 julaftnane saman med mormor og morfar er dei som sit sterkast i minne. Men ein røseleg kar med raud dress og kvitt skjegg, som eigentleg skal vera ein koseleg kar og barnas beste ven, var skummel for unge Tveit.

- Eg var veldig redd nissen som barn. Eg er framleis i ein alder av femti, litt skeptisk til nissen, seier Tveit, som ikkje heilt har slutta å tru på mannen med sleden.

- Eg trur vel framleis litt på nissen, smiler han.

Plager det deg om det ikkje er snø på julaftan?

- Nei, snøen kan me oppsøkja i fjellet.

Kor feirar du jul?

- Ulike stader, men alltid saman med familien.

Julemenyen?

- Pinnekjøt og kålrabistapppe. Riskrem og bringebærsaus til dessert.

Juletradisjonar du har fått i vaksen alder?

- Har ikke fått nye tradisjonar i vaksen alder. Tradisjon er å gjera det same om igjen kvar jul.

Jul i Noreg vs. jul sydover?

- Aldri Syden for meg i jula.